Hopp til innhold

Har fått fleire tips om ulovleg trostejakt: – Dette har vi aldri vore borti før

Etter at utanlandske jegerar prøvde å smugle freda trost ut av landet, har politiet fått mange tips om tjuvjakt. No vert dei sjekka ut.

– Vi har fått tips om at det er nokre italienske jegerar her, seier miljøkoordinatoren til politiet, Torvild Selås.

Tipsa kjem etter at utanlandske jegerar nyleg vart stoppa på veg ut av landet med 2027 trostar i bagasjen.

Over 40 av dei var freda.

No har politiet fått blod på tann.

Med Statens naturoppsyn på slep går han nærast frå dør til dør, og bil til bil.
– Det er ikkje noko farleg altså. Vi er berre rundt og snakkar litt, innleier han.

Ulovleg jakt på trost har plutseleg vorte ei prioritert sak for politiet.

– Dette har vi aldri vore borti før. Vi bruker ein del ressursar no som det kjem nye tips, seier Selås.

Arild Pfaff i Statens naturoppsyn (SNO) har kikkerten lett tilgjengeleg.

Han vart overraska då tolletaten fann dei freda småfuglane i bagasjen til tre italienske jegerar på veg ut av landet.

– Vi har visst om det tidlegare òg, men det som vart avdekt for ei vekes tid sidan var eit svært beslag. Omfanget var større ein vi har vore klar over.

Dei tre fekk med seg kvar si bot på 15.000 heimar til Italia.

Etter at beslaget fekk merksemd i media, har politiet fått inn fleire tips om andre italienske jegerar i området.

– Mange som følgjer med

Langt oppe på heia, innover ein humpete grusveg, treffer vi på ein av grunneigarane.

– Her har vi veldig bra system på all jakt, så her er det ingen tull. Det er såpass mange jegerar som følgjer med.

Gunnar Oland har hoppa ned frå den bråkete hjullastaren sin for å ta ein prat med politiet, SNO og NRK.

Det er lenge sidan han har hatt utanlandske jegerar på besøk. Han har berre positive ord å seie om dei.

– Dei leigde hos meg og var på storfugljakt. Mens den eldre garden sat langs vegen og skaut trost.

Oland

Gunnar Oland er grunneigar. Det er lenge sidan han sist såg ulovleg jakt.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

I fjor var det registrert nesten 4000 utanlandske jegerar i Noreg.

– Det er lang tradisjon for dette i Noreg, og det meste er lovleg, seier Pfaff.

Men innimellom blir det avdekt lovbrot. Og Selås hos politiet vil ikkje gi seg heilt enno.

– No har vi fått eit meir presist tips. Der vil vi gå vidare og sjå, seier han.

Sola er i ferd med å gå ned, men jegerjakta held fram.
Stadig lenger innover i Agders mørke skogar.

Ingen tjuvjegerar vart tekne denne gongen. Men jakta held fram.

Hei!

Kva tenker du om denne saka? Har du ei historie å fortelje? 

Send meg ein e-post!

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %