Politiet framleis på bar bakke etter kidnappingsforsøk

To menn som er sikta for vald mot ein mann (21) nektar framleis å forklare seg for politiet. Dei to forsøkte å dra mannen med seg inn i ein bil.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi har hatt dei to sikta inne til avhøyr i dag, men dei vil ikkje fortelje noko som helst, seier politiadvokat Jørgen Henriksen til NRK.

Episoden skjedde i ei blokk på Slettheia i Kristiansand søndag kveld.

Det var naboar som melde frå til politiet då dei to mennene forsøkte å hente mannen ut frå blokka og ta han med seg i ein bil.

Avhøyrer vitne

Ei 22 år gammal kvinne er sett fri, medan dei to sikta mennene på 27 og 28 år framleis sit i arresten.

Heller ikkje 21-åringen vil fortelje kva som skjedde i blokka, eller kva som var bakgrunnen for hendinga.

– Det er vanskeleg for politiet når heller ikkje fornærma vil forklare seg. Då må vi blant anna basere oss på vitneavhøyr, seier Henriksen.

21-åringen skal ha blitt slått av dei to mennene, men han skal ikkje vere alvorleg skada.

Undersøkjer SMS og Facebook

Politiet undersøkjer no tekniske spor. I tillegg kan det blir aktuelt å lese SMS-ar og Facebook-meldingar frå dei involverte.

– Vi må sjå om det kan gi oss ein indikasjon på om det er ei konflikt, seier han.

Dei to sikta og 21-åringen, som truleg vart forsøkt kidnappa, er alle kjenningar av politiet.

Ein av dei to sikta er tidlegare dømd for alvorleg kriminalitet. Alle skal vere kjenningar av politiet.

Ein av mennene hadde mindre mengde narkotika på seg då han vart arrestert søndag kveld.