NRK Meny
Normal

Politiet etterforskar krattbrannar

Politi og brannvesen har rykt ut til ei rekkje mindre krattbrannar i Vågsbygd i Kristiansand 2. påskedag.

Krattbrann i Vågsbygd

Politiet har sett i gang etterforsking etter fleire små krattbrannar i Vågsbygd i Kristiansand.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Alt tyder på at det er påsett. Det er det ingen tvil om, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Vidar Neset til NRK.

Brannvesenet rykte ut første gang like før 13.30 måndag. Brannvesenet fekk raskt kontroll over flammane, men såg etterkvart at det var forsøkt påtent fleire stader.

– Det har vore fleire brannar på fleire ulike stader. Politiet kjem til å etterforske dette vidare, seier Neset.

Politiet har ingen mistenkte i saka.

Krattbrann i Vågsbygd

Det er tydelege merker etter brann fleire stader.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK