Hopp til innhold

Politiet ber om arbeidsro i drapssaka

Politiet i Valle er no i gang med å avhøyre vitner på nytt etter drapet natt til søndag. Samstundes ber dei om ro til etterforske saka.

Knivstikking i Valle

Politiet driv etterforsking etter drapet på Helge Dahle i Valle natt til søndag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Politiet har ikkje meir informasjon å gi i saka før nytt avhøyr av sikta er gjort i neste veke, seier lensmann i Valle, Dag Hovden til NRK.

Dag Hovden

Lensmann i Valle, Dag Hovden.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

– Vi treng arbeidsro for å hente inn mest mogleg informasjon kring saka, seier lensmannen.

Varetektsfengsla

Måndag vart den sikta 38-åringen varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Det var 50 år gamle Helge Dahle som vart drepen med fire knivstikk på ein privat fest i Valle natt til søndag.

Fleire av vitnene vart avhøyrt kort tid etter drapet og skal gjennom nye avhøyr i dagane framover.

Ein av teoriane politiet jobbar utifrå er at Dahle vart drepen då han forsøkte å stoppe ein slåstkamp.

Nytt avhøyr av sikta

Den sikta 38-åringen vil ikkje bli avhøyrt igjen før i neste veke. Mannen har erkjent dei faktiske forhold, men har førebels ikkje teke stilling til skuldspørsmålet.

– Han har blitt vhøyrt innleiande om det som har skjed. Då er det ikkje unaturleg å ta nytt avhøyr før politiet har best mogleg oversikt over saka, seier Hovden.

– Neste avhøyr blir eit fullstendig avhøyr der vi har oversikt over det som sikta skal forklare seg om, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %