Hopp til innhold

Politiet avslørte «narkoplantasje»

Tre menn er arrestert og sikta for å ha dyrka cannabis og fleinsopp i eit hus i Lillesand.

Politiet i Lillesand har avslørt en stor plantasje for dyrking av hallusinerende sopp og cannabis i Lillesand. Dette er et av de største beslagene av giftig sopp noen gang i Norge

Avslørte narkoplantasje i Lillesand

Politiet har lagt sopp til tørking. Dette skal seinare sendast til Kripos for analyse.

Foto: Politiet
Avslørte hasjplantasje i Lillesand

Hasjplantane var i ulike storleikar.

Foto: Politiet

To av mennene er 28 år, medan tredjemann er 33 år gammal.

Politiet fann «plantasjen» då ein av mennene bestilte cannabisfrø i posten frå utlandet.

Politiet fekk løyve til å ransake huset til mannen. Det var då dei fann kring 60 cannabisplantar og kring 600 plastboksar med fleinsopp.

Det vart også funne mindre mengde marihuana.

– Veldig spesielt

– Cannabisplantane er av ulik storleik. Nokre er relativt store og nokre av dei er hausta materiale, altså marihuana. Soppen er dyrka i plastglas og var i ulike vekstfasar, seier politiførstebetjent Leif Ole Saanum til NRK.

To av mennene hevdar dei dyrka til eiget bruk, men det trur ikkje politiet på.

– Dette er vesentleg meir enn det tre personar kan bruke, seier Saanum.

Han meiner beslaget er uvanleg.

– Cannabisplantasjar har det vore ein del av. Men akkurat soppdyrking i denne storleiken meiner eg er veldig spesielt. Eg er ikkje kjend med tilsvarande saker i Noreg, seier Saanum.

Skal analyserast

Plantane og soppane skal no sendast til Kripos for analyse.

– Vi kjem til å hauste det vi kan. Dette skal tørkast og sendast til Kripos. Forhåpentlegvis får vi ei analyse derifrå på vekt og potensialet i plantasjen, altså kor mykje dei kunne ha hausta om dei hadde fått halde fram, seier han.

Alle dei tre sikta er sett fri.

Avslørte hasjplantasje i Lillesand

Her er nokre av cannabisplantane som vart funne i huset.

Foto: Politiet