Hopp til innhold

Arresterte tiggarar med narkotablettar og 25 000 kroner

Tre rumenarar er arrestert med narkotablettar, 25 000 kroner og stolne smykker. Ifølgje politiet tilhøyrer dei det utanlandske tiggarmiljøet i Arendal.

Jan Sverre Krogstad

TOK TIGGARAR: Politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad, seier personane høyrer til tiggarmiljøet i byen.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– To kvinner og ein mann er sikta for tjuveri og sal av narkotika, seier politiastasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til Agderposten.

Ifølgje avisa har ein av personane fått eit førelegg og er sleppt fri. Dei to andre vil bli vurdert varetektsfengsla torsdag.

Spana på kvinne

Dei tre personane vart pågripe i Arendal sentrum onsdag. Politiet fann til saman 160 narkotiske tablettar, 25 000 kroner og fleire smykker.

– Smykkene, som vi meiner er stolne, har vi greidd å spore tilbake til ein gjenbruksbutikk, seier Krogstad.

Pågripinga skjedde etter spaning der politiet observerte korleis ei av kvinnene gjorde avtaler med narkomane.

– Ei av kvinnene som vart arrestert hadde gøymt ein mobiltelefon under skautet. Spanarane observerte deretter ein bil som kom køyrande med varene som var bestillt. På det tidspunktet slo vi til, seier politistasjonssjefen.

FrPs partileder Siv Jensen vil foreslå en strengere politikk overfor romfolket. Hun ønsker blant annet å gjeninnføre tiggerforbudet i Norge.

SE VIDEO: Siv Jensen ønsker å gjeninnføre tiggerforbudet.

Stammar frå narkosal

Krogstad seier til avisa at narkomane i byen leverer bestillingane sin på morgonkvisten. Kvinnene tek imot bestillingane. Politiet meiner at storparten av pengane som vart beslaglagt stammar frå narkotikasal.

– Alle har mobil og tilgang på bil. Vi meiner at dei får mesteparten av inntektene sine frå sal av narkotika, seier han.

Fungerende avdelingsdirektør i politidirektoratet, Kristin Kvigne

Fungerande avdelingsdirektør i politidirektoratet, Kristin Kvigne.

Foto: Politidirektoratet

Det vil bli oppnemnt forvarar for dei to personane som framleis sit fengsla.

Den eine kvinna er frå før sikta for narkotikasal etter at ho vart teke med narkotika og kontantar i mai.

Vil forby tigging

I juli kom det fram at politidirektoratet rår justisdepartementet til å forby tigging. Forslaget kom etter ei undersøkjing som viste at mange tiggarar også er kriminelle.

– Særleg i Oslo, der det ikkje er ubetydelege ordensproblem og utbreidd vinningskriminalitet knytt til tigging. Difor meiner vi at det vil vere riktig å gjeninnføre forbodet mot tigging, sa fungerande avdelingsdirektør i politidirektoratet, Kristin Kvigne til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %