Hopp til innhold

Politi aksjonerte etter bombetrugsel

Politiet har teke seg inn i ein parkert buss på rutebilstasjonen i Lyngdal etter ein bombetrugsel.

Bombetrussel mot buss i Lyngdal

Politiet tok seg inn i bussen med hjelm og skotsikker vest.

Foto: Sigbjørn Utland

– Vi har avslutta arbeidet på staden og bussen er på vegen igjen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.

Politiet veit ikkje kven som stod bak bombetrugselen.

Bakgrunnen for politiaksjonen var ein lapp som vart funne i bussen, som stod parkert på rutebilstasjonen i Lyngdal sentrum.

Politiet vil ikkje seie kva som stod på lappen, men seier det kunne oppfattast som ein bombetrugsel.

– Vi har beslaglagt lappen og saka vil bli etterforska vidare, seier Andersen.

Politiet var ikkje væpna då dei tok seg inn i bussen, men bar hjelm og skotsikre vestar. Etter å ha undersøkt bussen kunne den halde fram ruta som vanleg.

Det var berre sjåføren som var om bord i bussen då han fann lappen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %