Hopp til innhold

Polakkar slepp unna båtmotortjuveri

Datalovgiving hindrar politiet i å få tilgang på bevis frå eldre utskrifter på tjuvane sine mobiltelefonar. Dermed går dei glipp av viktige bevis.

Attraktive båtmotorer
Foto: Rune A. Hansen / NRK

Dei to polakkane skal ha stole store mengde med påhengsmotorar over heile Sørlandet, men politiet får ikkje utlevert avgjerande telefonbevis.

Politiet meiner dei har bevis for at dei to skal ha stole påhengsmotorar for fleire hundre tusen kroner frå småbåthamner på Sørlandet det siste halve året.

Kan bevise tjuveri

Polakkane kan ha stole for langt meir, men dette kan ikkje politiet bevise. Politiet er nemleg heilt avhengige av utskriftene til mobiltelefonane deira. Men ifølgje norsk lov får ikkje politiet utlevert telefonutskrifter som er meir enn seks månader gamle. Då vert dataene sletta.

– Eg forstår argumentet for at data skal slettast. Samtsundes er det sjølvsagt frustrerande at kriminelle slepp unna fordi vi ikkje får tilgang på viktige bevis, seier politiadvokat Leif Aleksandersen ved Arendal politistasjon til Agderposten.

For dei seks månadene det fins telefonutskrifter, meiner politiet at dei kan bevise tjuveri av 32 båtmotorar.

– Skuldar på lovverket

– Vi meiner polakkane kan knytast til tre gonger så mange tjuveri, men då må vi få tilgang til telefonutskrifter som er meir enn seks månader gamle, seier Aleksandersen til avisa.

Datatilsynet har ingen sympati for situasjonen politiet i Arendal har hamna i.

– Kvar gang det skjer kriminelle handlingar som politiet ikkje klarar å oppklare, skuldar dei på den norske datalagringslova, seier informasjonsdirektør Ove Skåra ved Datatilsynet.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %