Pilegrimene strømmer til

Folk frå heile Sør-Noreg har meldt seg på pilegrimsturane frå Hovden til Røldal i sommar.

Pilegrimsprest Birte Løvåsen på vei mellom Hovden og Røldal.

Pilegrimsprest Birte Løvåsen på vei mellom Hovden og Røldal.

Foto: Caroline Emmerhoff / www.pilegrim.info

Kyrkjeverje Helene Horverak i Bykle seier til Setesdølen at det til den første av turane er fullteikna og har ventelister.

Også til dei andre tre turane er det svært god oppslutning.

Det er Bykle kommune, Hovden Fjellstoge og Den norske kyrkja som samarbeider om å ta opp att tradisjonen med 3-4 dagars vandring langs pilegrimsvegen som var i aktiv bruk til for 200 år sidan.

Den gongen var Røldal det fremste pilegrimsmålet her i landet nest etter Nidarosdommen.