Hopp til innhold

Mann påkøyrt av tog

Ein mann som skal ha blitt påkøyrt av eit tog i Froland er send til sjukehus med ambulanse.

Påkjørt av toget i Froland

Naudetatane på staden fredag kveld.

Foto: Frolendingen

Politiet vart varsla som hendinga like før klokka 21 fredag kveld.

– Det skal vere ein person som har gått langs linja som er treft av toget. Vi jobbar med å lokalisere personen, sa operasjonsleiar Eyvind Formo kort tid etter at dei fekk beskjed om hendinga.

Send til sjukehus

Det vart sett i gang ein leiteaksjon etter at lokføraren var sikker på at han hadde treft ein person som gjekk langs jernbanelinja.

Lokføraren anslår at toget hadde ein fart på kring 40 kilometer i timen.

– Lokføraren stadfestar at det har vore eit samanstøyt med ein mann. Han seier også at han såg at vedkommande reiste seg opp igjen, seier innsatsleiar i politiet, Knut Ulven til avisa Frolendingen.

Mannen er send til sjukehus med ambulanse. Det er ikkje klart om han er alvorleg skada.

– Sjølv om han framstår som uskada har lege bestemt at han skal til sjukehus for sjekk, seier Ulven.

Taxi for tog

Arendalsbana er stengt inntil vidare.

– Vi jobbar med å få dei kring 30 passasjerane som var på toget over i taxi, seier Gina Scholz som er kommunikasjonsrådgjevar i NSB til NRK.

På grunn av interne retningslinjer i NSB får ikkje lokføraren køyre toget vidare.

Ein ny lokførar er på veg til Froland.

Froland stasjon
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %