Person død etter dykkeulukke
Ein 45 år gammal mann frå Tyskland mista laurdag ettermiddag livet i ei dykkarulukke ved Trysnes i Søgne. Vedkomande vart teken på land av meddykkarar, men livet stod ikkje til å redde. Dykkaren vart erklært død på staden av lege, melder politiet.