Hopp til innhold

Paulsen snart tilbake: – Kjedeleg å sjå på

Ein blindtarmoperasjon sette ØIF-spelar Sondre Paulsen ut av spel i fleire veker. No er landslagsspelaren snart tilbake for fullt.

Ein blindtarmoperasjon sette ØIF-spelar Sondre Paulsen ut av spel i fleire veker. No er landslagsspelaren snart tilbake for fullt.

VIDEO: Sondre Paulsen håpar å vere tilbake på bana når ØIF møter Greipstad i cupen onsdag.

– Det byrjar å bli betre og eg gler meg til å spele igjen snart. Det følest veldig bra og eg har trent bra den siste veka, seier Paulsen til NRK.

Det var i slutten av juli at arendalitten vart innlagd på sjukehus etter blindtarmbetennelse.

Kappa magemusklar

– Eg har sydd nokre sting og kappa nokre musklar, så det tek litt tid å komme tilbake, seier han.

Operasjonen gjer at Paulsen har mista store deler av den viktigaste delen av sesongoppkøyringa. Men landslagsspelaren føler likevel han er i rute til seriestart mot Stord 11. september.

– Eg føler at det har gått fort og merkar at eg har trent godt over lang tid. Då går det mykje fortare og eg føler det går rette vegen, seier Paulsen.

I samband med helgas treningskampar i Sør Amfi var ØIF-profilen med på oppvarming, men han fekk ikkje speletid.

Håpar på speletid i cupkamp

– Det handla nok om å ikkje ta nokon sjanse, seier han.

Onsdag spelar ØIF Arendal cupkamp mot Greipstad på bortebane. Der håpar Paulsen at trenar Leif Gautestad gir han speletid.

– Eg føler meg klar og tykkjer det er kjedeleg å sitje å sjå på, seier han.

– Leif held meg kanskje litt igjen for ikkje å ta sjansar, men eg er klar i alle fall, smiler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %