NRK Meny
Normal

Pastor varslar «krig» mot justisministeren

Fleire menigheter rustar seg til kamp mot justisminister Anders Anundsen og Frp etter at ei kvinne i Kristiansand vart henta ut av kyrkjeasyl. Justisministeren vil ha slutt på kyrkjeasyl, men møter kraftig motstand.

Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen får kritikk etter at han sa at han vil ha slutt på kyrkjeasyl i går. Fleire menigheter går no saman for å kjempe mot forslaget.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Pastor Arnfinn Aandal, Baptistkirka.

Pastor Arnfinn Aandal er sterkt kritisk til at politiet henta ut ei kvinne frå kyrkjeasyl i Kristiansand. No vil han hindre at det skjer igjen.

Foto: Lise Sørensen

– Dersom det er denne linja justisministeren vil leggje seg på, så vert det krig, seier pastor i Trondheim Baptistmenighet Arnfinn Aandal til NRK.

Laurdag henta fire politimenn ut ei 56 år gammal iransk kvinne av Filadelfia Kristiansand sine lokaler. Etter det NRK kjenner til vart kvinna send tilbake til Iran måndag.

Kvinna har sykt asyl i Norge og grunna søknaden med ho har konvertert til kristendommen. Alle søknadene er avslått.

Vil åtvare mot Frp

No vil fleire menigheter samarbeide for å hindre at liknande skjer igjen.

Dei vil hyre inn advokatar for å saumfare tidlegare asylsaker og saker som er under behandling.

I tillegg varslar pastoren at dei vil starte ein politisk kamp mot justisminister Anders Anundsen sitt parti Framstegspartiet.

– Vi vil gå ut å åtvare alle kristne menneske mot å ha noko befatning med det partiet. Vi vil bruke alle middel vi kan finne for å bekjempe denne inhummane måten å handtere menneske på, seier Aandal.

– Det verkar på meg som om justisministeren er ein handlingens mann. At han skal vise at han tek tak i ting som tidlegare regjeringskollegaer ikkje har brydd seg med å gjere noko med. Eg tykkjer det er fullstendig bomskot å gå laus på dei svakaste av dei aller svakaste, seier Aandal.

Justisministeren: – Hån mot rettsstaten

I Dagsnytt 18 måndag deltok justisminister Anders Anundsen i debatt. Der var han klinkande klar på at politiet gjorde rett når dei henta ut 56-åringen i Kristiansand.

– I utgangspunktet er det ikkje noko som heiter kyrkjeasyl. Dette er ein utlending som ikkje har lov til å vere i Norge. Ho har fått søknadene behandla på alle moglege vis og har fått dei avslått. Ho skal returnerast. Uansett kor ho oppheld seg skal ho kunne pågripast, sa Anundsen.

Samstundes er justisministeren klar på at han vil ha slutt på kyrkjeasyl.

– Eg har teke initiativ overfor politidirektoratet. Dei gjennomfører no ein dialog med kyrkja med sikte på å avvikle det eg vil kalle hån mot rettsstatens prisnipp, og forsøke å overkøyre og overprøve loveleg fatta vedtak på den måten som vert gjort her, sa han.

Ifølgje pressevakta hos Justisdepartementet har Anders Anundsen site i regjeringskonferanse i heile dag. NRK har difor ikkje lukkast med å komme i kontakt med justisministeren.

I Trondheim Baptiskirke har Maria Sadeghdi site i kyrkjeasyl i over åtte år. Ifølgje Aandal fryktar skapar utsendinga i Kristiansand usikkerheit.

– Vi prøver å trøyste henne og forsikre henne om at vi aldri kjem til å stengje døra for verken ho eller sonen hennar. Vi kjem til å ta vare på dei og verne dei så langt vi er i stand til, seier Aandal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Direkte på radio og TV: Debatt med Kjell Ingolf Ropstad (KrF), justisminister Anders Anundsen (Frp) og pastor Wiggo Skagestad.

Pensjonert prest: – Vond smak i munnen

I debatten måndag forklarte justisministeren at politiet ikkje hadde vore i eit menighetshus då dei henta ut kvinna laurdag, trass i at menigheten Filadelfia nyttar bygget i sitt daglege virke.

– Politiet har ikkje vore i eit menighetshus eller kyrkjerom og henta ut asylsøkjarar. Dei har vore i ein tilstøytande bygning der det har vore ein bustad vedkommande har opphalde seg i, sa Anundsen.

Det reagerer tidlegare prest i Lund kirke og Domkirka i Kristiansand Helge Sigurd Schmidt sterkt på.

– Filadelfia-menigheten vigslar ikkje sine bygg, men det er like mykje ein del av deira gudstenestelokalitetar dei går inn i. Eg får ein vond smak i munnen når dei nyttar politimakt for å løyse denne saka, seier han til NRK.

– Juridisk har vel politiet sitt på det tørre. Men det er ein tradisjon vi har hatt at kyrkja har vore ein fristad til ein finn løysingar til å leve med for ein person som kjenner seg truga, sier Schmidt.

Vil ha avklaring for kyrkjeasylantar

I Stokmarknes i Nordland har eit søskenpar site i kyrkjeasyl i seks år. Kari Anette Øverli som sit i leiarteamet i menigheten meiner det er positivt at menigheter no går saman.

– Eg tykkjer det er veldig flott. Det må vere nokon som ser individet i staden for systemet. Vi har ikkje hatt dette oppe i vår forsamling, så eg kan ikkje seie kva vi gjer. Men eg meiner det er ein god tanke, seier Øverli.

Ho er open for ei lovendring som vil forby kyrkjeasyl. Samstundes meiner ho at sitausjonen til personar som sit i kyrkjeasyl i dag må avklarast først.

– Eg fryktar at systemet blir viktigare enn personane. Dei som sit i kyrkjeasyl i dag må behandlast på ein god måte. Ein må sjå på korleis ein kan ta vare på desse individa før ein kjem med ei lovendring. Vi kan ikkje berre kaste folk ut. Mange har levd i ein særs vanskeleg situasjon, seier Øverli.

Barn til utvist kirkeasylant

Barna til den 56 år gamle kvinna som vart sendt ut av landet måndag er uroa for mor si.