Paraplydrink og strandliv på vent: – Vi gjorde ein tabbe

Å planlegge ferie for ein fotballtrenar er ikkje enkelt. Det er Jerv-trenar Arne Sandstø eit bevis på.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø nøye seg med drikkeflaske og vinterjakke før han set kursen mot Thailand etter kvalifiseringskampane mot Stabæk.

– Det er ingenting som slår å vere i lag med barna. Men det er frykteleg gøy å vinne fotballkampar også. Vi har gjort ein tabbe med å bestille for tidleg, seier Jerv-trenar Arne Sandstø.

Eirik Haugstad, FK Jerv

Jerv-spelarar feirar scoring mot Kongsvinger. Her er det Eirik Haugstad som vert hylla. Haugstad skal no møte gamleklubben Stabæk i kvalifisering til eliteserien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Bergensaren har akkurat sett laget sitt slå cupfinalist Kongsvinger og ta seg vidare i kvaliken til eliteserien.

No skal laget ut i to kvalifiseringskampar mot Stabæk. Men det blir utan familien på tribunen.

Ferie på vent

Fredag reiste nemleg familien til Sandsø til Thailand. Ein tur han eigentleg skulle ha vore med på.

Etter utsetting av kvalifiseringskampen mot Mjøndalen, og Kongsvinger sin cupfinale, er ikkje sesongen over før returmøtet mot Stabæk 4. desember.

Først då kan han sette seg på flyet og møte familien i Thailand.

– Det verste av alt er at dette er tredje gongen, smiler han.

Første gong var i 2010 då han trente Løv-Ham.

– Ingen venta vel at vi skulle komme i kvalik. Då måtte familien reise aleine, mimrar han.

Bilder med tillatelse fra TV2 Sportskanalen

VIDEO: Se målene da Jerv slo Kongsvinger (Bilder med tillatelse frå TV 2 Sportskanalen.)

– Ikkje eit enkelt liv

Også i fjor vart ferien sett på vent. Då analyserte kan kampar for Odd, som var med i europacup.

– Eg såg på motstandarar heile vegen, men vi tapte jo aldri. Då måtte dei reise aleine. Eg kom ned fem dagar seinare, seier han.

– Å vere fotballenke er ikkje eit enkelt liv, seier han.

Før Sandstø kan ta ferie skal han altså leie Jerv i to kvalifiseringskampar mot Stabæk. Først på Levermyr stadion onsdag.

– Stabæk har eit bra toppnivå, men dei har også eit botnnivå som ikkje er all verda. Stabæk er klar favoritt. Dei skal slå oss. Om dei ikkje gjer det er det rett og slett dårleg. Men vi er også eit godt lag, seier han.

Tidlegare har Sandstø leia Odd til cupgull og Start til opprykk. Eit eventuelt opprykk med Jerv vil han sette høgt.

– Det er få ting som slår ein cupfinale. Men det er ingenting anna som slår dette. Opprykket med Start var forventa. Dette er opp mot det aller, aller beste, seier han.

Arne Sandstø

Arne Sandstø trente Odd Grenland til cupgull i år 2000. Odd slo Viking 2–1 på Ullevaal.

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Ohi: – Ingen lett match

Ohi Omoijuanfo

Ohi Omoijuanfo spelte for Jerv i fjor.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Stabæk-spelar Ohi Omoijuanfo skal møte gamleklubben i kvaliken.

Ohi var med då Jerv spelte kvalifisering til eliteserien mot Start i fjor.

Då var det naboen i vest som trekte det lengste strået.

– Det blir absolutt ingen lett match. Dei spelar tøft, er eit solid lag som er godt defensivt organisert. Men vi skal vere favorittar, seier han til Budstikka.

– Stabæk har eit ganske høgt toppnivå. Klarer vi å halde det nivået oppe, bør ikkje Jerv ha moglegheit over to kampar, seier han.

Tonny Brochmann scorer mot Kongsvinger
Foto: NRK Sorlandet