Hopp til innhold

Kvite klumpar forsøplar skjergarden: – Kan vere giftig

Over 20 personar ryddar på tredje døgnet i Lillesands-skjergarden. Så langt er det funne rundt 400 liter med det som kan vere parafin-søl frå eit skip.

Det er samlet inn hundrevis av slike klumper.

Slike kvite klumpar blir funne langs Sørlandskysten.

Foto: Bjørn Fredrik Nordlie

Slike kvite klumpar blir funne langs Sørlandskysten.

Foto: Bjørn Fredrik Nordlie

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo til skade på miljøet. Eg er bekymra for fuglane som er midt i hekketida. Dei hentar jo mykje av maten sin på strender. Dette er svært uheldig.

Det seier Per Bendixen, leiar i Naturvernforbundet i Lillesand.

I starten av veka kom første melding om at skjergarden hadde vorte grisa til av nokon kvite, illeluktande klumpar.

Same dag vart det samla inn 170 liter forureining frå skjergarden utanfor sørlandsbyen.

Mange hjelper til med ryddinga

Jan Olav Johnsen, leiar av skjergardstenesta i Lillesand, har hatt nokre hektiske dagar.

Det går på tredje døgnet. I dag er det nok over tjue personar ute og samlar inn griseriet, og vi kjem nok til å halde på heile helga, seier han.

Ein jamn straum av profesjonelle og frivillige har saumfare strendene og holmane i sørlandsidyllen.

Dette forsøplar mellom anna strender og fuglereservat utanfor Lillesand, seier Johnsen.

Klumpene er typisk en knyttneve stor, eller litt mindre.

Klumpane er typisk ein knyttneve stor, eller litt mindre.

Foto: Per Bendixen / Naturvernforbundet

Naturvernforbundet fryktar konsekvensane

Per Bendixen i Naturvernforbundet har følgt situasjonen nøye.

– Det var vi som melde frå om forureininga på laurdag. Det gjekk ikkje så lang tid før det tikka inn meldingar frå mange stader. Så langt har vi fått melding om påslag heilt frå Kristiansand til Grimstad.

Bendixen har også vore ute å rydda sjølv.

Per Bendixen, leder i Naturvernforbundet i Lillesand

Per Bendixen, leiar i Naturvernforbundet i Lillesand

Foto: privat

No ventar Naturvernforbundet spent på analysane som kan fortelje nøyaktig kva dette er.

Klumpane kan smuldre opp eller smelte viss det blir varmare. Då blir det mykje vanskelegare å rydde opp og miljøet og fuglelivet blir endå meir skadelidande.

Bendixen seier vidare at han er imponert over korleis kommunen handterte varselet.

– Dei har verkeleg teke det på alvor og vore delaktig i både rydding og organisering.

Mange er ute på strendene rundt Lillesand for å rydde.

Mange er ute på strendene rundt Lillesand for å rydde.

Foto: Per Bendixen / Naturvernforbundet

Kan vere giftig

Jan Olav Johnsen i skjergardstenesta fortel at prøver av dei kvite klumpane er sende til analyse. Svaret er venta på måndag.

Det er jo mest sannsynleg frå tankbåtar som ofte reinsar tankane sine med parafin. Eit problem her er at ein ikkje kan vite kva som var i tankane, og dermed har blanda seg med parafinen.

Les også Finner plastbitene over hele landet

Giofilmbærere Ravnebjerget, Halden. Funnet 21. august 2091 (76 stk.)

Skjergardstenesta har tilrådd folk å bruke hanskar når ein handterer klumpane.

Dette kan gjere skade på fuglar og barn, fryktar vi. Vi veit jo ikkje sikkert kva det er. Vi skal stå på dag og natt til skjergarden er rydda, seier Johnsen.

Det er funnet rundt 400 liter av disse hvite klumpene.

Det er funne rundt 400 liter av desse kvite klumpane.

Foto: Per Bendixen / Naturvernforbundet

Liknande funn er gjort fleire stader dei siste åra. Mellom anna i Oslofjorden og vest i Agder.

I 2020 blei det funnet 400 kilo parafinvoks på ein strand utanfor Fredrikstad. Naturvernforbundet konkluderte den gang med at berre ein brøkdel av utsleppa blei funnet. Årsaka til utsleppet blei aldri påvist, men man antok at det kom frå ein tankbåt som vasket tankane sine et stad i Nordsjøen.

I 2021 blei det funnen store mengder langs strendene inne i Oslofjorden. Rune Bergstrøm i Kystverkets Beredskapsavdeling sa den gang til Gjengangaren at parafinvoks verkar som avføringsmiddel og vil kunne ha uheldig verknad på for eksempel barn og fuglar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %