Hopp til innhold

Pallen glapp for Olsbu

Marte Olsbu frå Froland hadde håp om si første pallplassering i verdscupen i skiskyting. Men Norge enda på 4. plass på stafetten.

Marte Olsbu

Marte Olsbu veksla som nummer fem etter sin etappe. (Arkivfoto)

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Olsbu gjekk første etappe for det norske laget. Dette var Olsbu sin andre stafett i verdscupsirkuset. I debuten i førre veke fall Olsbu på den siste runden og tapte mykje til teten.

– Eg klussa litt på liggande og stilte litt fram og tilbake. Elles i sporet og på ståande er eg veldig nøgd, seier Olsbu til NRK.

Likar å gå første

– Eg prøvde å gå hardt frå start og finne ryggar å gå etter. Eg tykkjer det gjekk bra, seier skiskyttaren.

På onsdagens stafett opna ho med tre bom på den første skytinga. Men ho fylte blinkane med ekstraskota og sleppte å gå strafferunde. Ho passerte på ein 16. plass etter første skyting.

På den andre skytinga bomma sørlendingen på eitt skot. Ho gjekk seg opp på resultatlista, og passerte på ein 8. plass ut frå skyting.

– Det er både fordelar og ulemper å gå første etappe. Men eg tykkjer det er kjempespennande. Det er skikkeleg duellskyting. Eg likar det godt. Det er gøy å få tillit på første etappe, seier ho.

Brukbart av Welle-Strand Horn

Ved veksling hadde Olsbu gått seg opp tre plassar til ein 5. plass. Olsbu veksla 49,7 sekund bak Tsjekkia som var i tet.

Fanny Welle-Strand Horn gjekk andre etappe for Norge og skaut feilfritt på første skyting. På andre skyting skaut ho tre bom.

Det var Elise Ringen som gjekk tredje etappe for det norske laget. Ho klarte seg med eitt ekstraskot på si første skyting. På andre skyting vart det to bom og Norge låg på 4. plass berre få sekund bak pallen.

– Skremmande mykje

Det var Tiril Eckhoff som gjekk den siste etappen på det norske laget. Ho bomma ein gang på den første skytinga og tapte sekund til pallen.

På siste skyting vart det tre ekstraskot på ankerkvinna. Dermed enda det norske laget på 4. plass.

Norge var over to og eit halv minutt bak Tsjekkia som gjekk til topps i stafetten.

– Det er rett og slett skremmande mykje, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.

Kviterussland vart nummer to, medan Tyskland vart nummer tre.

Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde.
Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde.
Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde.
Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde.
Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %