Hopp til innhold

Mann utan førarkort pågripen etter påkøyrsle

Ein mann i 30-åra er pågripen og sikta for å ha køyrt på tre personar i Vegårshei torsdag kveld.

Stakk etter ulykke i Vegårshei

Ulykka skjedde ved Myra i Vegårshei torsdag kveld.

Foto: Leif Dalen

– Etterforsking gjorde at vi kom fram til mannen. Han har erkjent å ha køyrt bilen, men seier han ikkje var klar over å ha køyrt på nokon, seier politiførstebetjent Margrethe Solvang til NRK.

Politiet omtalar mannen som lokal.

Tre personar som gjekk på rulleski vart påkøyrt ved Myra i Vegårshei torsdag kveld. Føraren som køyrde på dei tre stakk frå staden.

Hadde ikkje sertifikat

Ifølgje politiet hadde ikkje mannen gyldig sertifikat. Politiet opplyser også at mannen hadde lånt bilen.

Politiet har leita etter ein sølvgrå bil sidan torsdag kveld. Politiet sikra mellom anna spor på ulykkesstaden.

Fleire gjenstandar frå bilen låg att i vegbana.

– Bilen har fleire synlege skadar. Det er fleire riper og ei knust rute. Det er også skader på fronten på bilen, seier Solvang.

Hugsar ingenting

NRK har snakka med Svein Flaten som var ein av dei tre som vart påkøyrt. Han hugsar ingenting frå sjølve påkøyrsla.

– Eg hugsar ingenting av det som skjedde. Det einaste eg hugsar er at eg vakna i ein bil medan vi venta på ambulanse, seier Flaten til NRK.

Han låg på intensivavdelinga på sjukehuset i Arendal i føremiddag.

Ingen av dei tre personane er alvorleg skadde.

Svein Flaten

Svein Flaten var ein av dei tre mennene som vart påkøyrt i Vegårshei torsdag.

Foto: Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %