Hopp til innhold

Padla over Skagerak i rekordfart - likevel var han ikkje heilt nøgd

Bent-Inge Bakke (46) sette ny uoffisiell padlerekord på distansen mellom Hirtshals og Grimstad.

Bent-Inge Bakke

Bent-Inge Bakke sette ny uoffisiell rekord då han padla Hirtshals - Grimstad på litt over ti timar.

Foto: Privat

– Eg er nøgd med at eg klarte rekorden. Men med gode forhold veit eg at det går an å padle fortare, seier Bakke til NRK.

I 2016 sette landslagspadlaren Eivind Vold uoffisiell rekord då han padla den same strekninga.

Han brukte 11 timar og 42 minutt på distansen.

Dette er den nye rekorden

Bent-Inge Bakke frå Søgne knuste rekorden og kom i land på 10 timar og 18 minutt på den over 100 kilometer lange strekninga.

Han hadde ein snittfart på 11,1 kilometer i timen. Mutters aleine over Skagerak.

– Utgangspunktet for turen var først og fremst å utfordre seg sjølv og gjere det aleine. Å klare å padle heile distansen. Ikkje rekorden i seg sjølv. Men det låg sjølvsagt i bakhovudet då eg byrja. Eg kjente jo til rekorden, seier han.

Les også Satte padlerekord fra Danmark til Norge

Eivind Vold forbi Homborsund fyr

Til samanlikning brukar danskeferjene mellom Kristiansand og Hirtshals litt over to og tre timar.

Men trass i ny solid uoffisiell rekord meiner han altså at det skal gå an å padle endå raskare.

– Eg måtte velje ein dag eg var sikker på at det var trygt å gjennomføre utan følgjebåt. Eg kunne ikkje velje ein dag med mykje vind. Eg valde ein dag med litt vind for å få hjelp av vind og bølgjer, seier han.

Bent-Inge Bakke

Padlar Bent-Inge Bakke vel fram i Grimstad etter over ti timar i kajakken.

Foto: Privat

– Det blir pause i dag

Padlaren fortel om ein krevjande tur. Dei første tre timane gjekk lett. Dei neste tre vart meir utfordrande.

– Då byrja det å bli tyngre forhold. Då køyrde eg på og brukte mykje krefter for å halde oppe farten. Litt over halvvegs byrja eg å sjå land og det gjekk ganske fort. Så var det trege forhold med litt motstraum og bratte bølgjer det ikkje var noko fart i. Så sleit eg med å halde farten oppe, seier han.

Med ny rekord som fasit har ikkje 46-åringen peika seg ut nye mål førebels.

– Det finst andre havstrekningar, men eg har ikkje sett meg nye mål.

Men ein ting er klart:

– Det blir pause i dag. Det er heilt sikkert. Eg er ganske sår i skuldrer, hender og rumpe, ler han.

Les også Båtføreren så ikke Ragnhild i kajakken

Ragnhild Midtbø etter padleulykken.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %