NRK Meny
Normal

På influensatoppen

Kun nordlendingar er sjukare enn sørlendingar.

Illustrasjonsfoto.

Foto: ScanStockPhoto

- Region Sørlandet ligg faktisk nest høgst i kor omfattande utbreitt dette er. Kun Nord-Noreg har fleire tilfelle, seier assisterande fylkeslege i Vest Agder, Geir Stangeland til NRK Sørlandet.

Langt fra over

Han meiner influensaepidemien er langt frå over med det første.

- Det vil sikkert bli fleire tilfelle, det må vi rekne med. Når vi ser på statistikk-kurva som folkehelseinstituttet har er det no det startar å stige og auke ganske bratt, seier han.

- Sidan det er ei og ei halv veke sidan dei hadde registrering vil eg tru antalet er mykje høgare no. Det betyr at vi no kjem inn i høgdepunktet for influensaen som kjem til å vere no i midten av januar og mot slutten av januar. Så vil det dabbe av igjen, seier Stangeland.

Over i mars

- Kvifor har så mange sørlendingar blitt smitta?

- Det er ingen spesiell grunn til det. Det er heilt tilfeldig. Det kan tyde på at vi har fått det før og kanskje når toppen før, og det kan gå tilbake og forsvinne tildegare enn andre stader i andre delar av landet, seier han.

- Men i mars månad vil eg tru det er langt færre tilfelle, avsluttar han.