NRK Meny
Normal

På dette studiet fekk kun 5 av 50 plass

Når dialekt-forkjempar Håvard Rem skal veilede og inspirere ved det nye låtskrivarstudiet på UiA, er det eit ess i ermet han meiner studentane må trekkje fram: Dialekta si.

Askild Holm og Håvard Rem

To av drivkreftene til det nye låtskrivarstudiet ved UiA, Askil Holm og Håvard Rem, har begge brukt dialekta si i låtskriving.

Foto: Janne Aateigen / NRK

For første gang kan ein no ta låtskriving og artist som hovudinstrument i ei bachelorgrad i Noreg. Studiet har starta ved Rytmisk linje på Universitetet i Agder. Blant dei 50 som søkte plass på låtskrivarstudiet, var det kun fem som kom gjennom nålauget.

– Noreg opplever ei dialektbølgje

Forfattar og lyrikar Håvard Rem er ein av dei som skal veilede ved det nye studiet på UiA. Han vil motivere studentane til å bruke eiga dialekt:

– Det finst jo rangeringar av norske dialektar, og kva som er høg- og lav-status. Veldig mykje av det reflekterar i kva grad det har vore artistar og visesongarar som har løfta fram desse dialektene.

Rem har eit tips til dei fem studentane som kjem frå heile landet:

– Kjem du frå eit område i landet som har låg sjølvtillit grunna dialekta di, så kan du åleine løfte di dialekt opp i førstedivisjon! Akkurat no opplever Noreg ei dialektbølgje. Ein av grunnane til at mange syng på dialekt er fordi at dei då får nærkontakt, og det gir dei ei tryggheit, fordi det er slik dei snakkar til dagleg.

– Syng på både norsk og engelsk

Ein annan av initiativtakarane til bachelor-studiet i Kristiansand er artisten Askil Holm. Han syng sjølv på dialekt, men han vil motivere studentane til å syngje på både norsk og engelsk:

– Eg vil gjerne at dei både skal ha si eiga karriere der dei sjølve må velje kva språk dei kommuniserar rett frå hjartet på. Viss dei til dømes skriv på norsk, så vil eg òg at dei skal kunne utvikle seg som engelskspråkleg låtskrivarar, og å kunne skrive med andre.

- Unikt

Ein av studentane som skal bruke dialekta si flittig, er Aslak Rossehaug frå Karmøy. Han gler seg til å ta fatt på Noregs første låtskrivarstudie:

– Eg har skrive låtar ganske lenge, og har tenkt mykje på at eg har lyst til å ta ei utdanning innan musikk. Eg tykkjer det er unikt å kunne vere del av ein institusjon der det handlar om låtskriving og artisteri, og ikkje berre det å bli ein god musikar.

Aslak Rossehaug og Mette Leira

Studentane Aslak Rossehaug og Mette Leira er to av dei fem studentane som kom gjennom nålauget på det nyoppstarta låtskrivarstudiet i Kristiansand

Foto: Janne Aateigen / NRK