NRK Meny
Normal

Overtidsscoring sende Jerv vidare i cupen

FK Jerv er klar for 4. runde i cupen etter å ha slått Åsane 2–1 på heimebane. No skal grimstadklubben møte Rosenborg.

FK Jerv er klar for 4. runde i cupen etter å ha slått Åsane 2-1 på heimebane. No skal grimstadklubben møte Rosenborg.

Sjå Jacob Toft score det avgjerande målet i cupkampen mot Åsane.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var herleg at vi vann. Det var ikkje noko fin kamp, men vi vinn og det er det viktigaste, seier ein lågmælt Toft få minutt etter å ha sikra sigeren for Jerv.

– Det må vel synke litt inn. Det synker vel inn i kveld, seier han.

Det vart ei dramatisk avslutning på kampen mot Åsane. Det stod 1–1 då klokka viste 90 minutt.

FK Jerv er klar for 4. runde i cupen etter å ha slått Åsane 2-1 på heimebane. No skal grimstadklubben møte Rosenborg. Jacob Toft scora det avgjerande laget.

Sjå intervju med matchvinnar Jacob Toft.

– Det er berre glede

Dommaren la til tre minutt, og nesten på sekundet tre minutt på overtid nikka Jacob Toft inn 2–1 på nydeleg vis, etter eit godt innlegg frå Erixon Danso.

– Ein blir litt sinnssjuk i gjerningsaugneblinken når ein føler at ein endeleg har litt tur. Det er berre glede, seier Jerv-trenar Arne Sandstø.

Dermed skal Jerv møte Rosenborg i 4. runde heime på Levermyr stadion.

Jerv tok leiinga på overtid av første omgang. David Akintola plasserte ballen enkelt bak Åsane-keeper Borger Thomas.

Sjå intervju med Jerv-trenar Arne Sandstø etter sigeren mot Åsane i cupen.

Sjå intervju med Jerv-trenar Arne Sandstø.

– Vi skakar Jerv

57 minutt ut i kampen kom utlikninga for Mons Ivar Mjeldes lag.

Joakim Hammersland gjorde 1–1 for bergensarane.

Men cupeventyret er altså over for Åsane, som totalt sett kanskje var det beste laget på Levermyr-matta.

– Vi gjer ein kjempegod bortekamp. All ære til gutane. Vi skakar Jerv. Eg tykkjer vi var betre enn Jerv, men det er mager trøyst. Det er eit surt tap, men ein god prestasjon, seier Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde.

Vil utfordre RBK

I 4. runde ventar ei stor utfordring for Jerv. Der møter dei altså Rosenborg.

Kampen går på Levermyr stadion i Grimstad 9. august.

– Det er jo det største laget i Norge, så det blir veldig gøy å spele mot dei. Er det full brakke her, trur eg vi kan «fighte». Kven veit, cup er cup, seier Toft.

– Det blir ei stor oppleving for alle i Grimstad å få Norges beste lag ned hit. Så er det sikkert litt klingande mynt i kassa for klubben også, seier Sandstø.

– Korleis vil du oppsummere kampen med tre ord?

– Fantastisk «finish», nydeleg, gliser han.