NRK Meny
Normal

Amazon-jubel etter overtidsscoring

Sandviken såg ut til å stikke av med alle poenga i oppgjeret mot Amazon Grimstad. Så fekk sørlendingane straffe fem minutt på overtid.

Amazon jubla for eitt poeng mot Sandviken

Amazon-spelarane var godt nøgde med utlikning på overtid mot Sandviken.

Foto: Privat

Laster innhold, vennligst vent..

Grimstad-klubben var i ferd med å gå på sitt fjerde tap for sesongen då dei spelte borte mot bergensklubben Sandviken.

Heimelaget tok leiinga kvarteret før slutt ved Karoline Bakke.

19-åring tok ansvar

Men fem minutt på overtid vart kaptein Kristine Meland klipt ned innanfor 16-meteren. Dommaren peika dommaren på straffemerket.

Stortalentet Stina Kleppe (19) gjorde ingen feil frå krittmerket og utlikna for gjestene frå Grimstad. Dette var Kleppe si første scoring i Toppserien.

– Det var veldig gøy. Eg var eigentleg veldig kald og hadde veldig lyst til å ta straffa, seier Kleppe til NRK.

Eitt poeng i Bergen gjer at Amazon Grimstad no står med fem poeng på dei seks første kampane i Toppserien.

Tre strake utan siger

Sørlendingane har ikkje vunne ein seriekamp sidan dei slo Vålerenga 3-1 på heimebane 19. april.

– Dette var eit veldig viktig poeng. Det er eit lag vi i utgangspunktet burde ha slått, men når vi utliknar på overtid er det veldig deilig, seier Kleppe.

Midtstoppar Marit Fiane Grødum gjorde comeback for Amazon Grimstad mot Sandviken. Den tidlegare landslasspelaren la fotballskoa på hylla etter fjorårssesongen.

Laster innhold, vennligst vent..