Hopp til innhold

Overraska ordføraren med kunstverk

Ein kunstnar i vennebyen til Kristiansand, Rajshahi i Bangladesh, har måla ordføraren og varaordføraren i Kristiansand.

Overraska med måleri

Dag Vige (t.h.) viste fram måleriet til formannskapet i Kristiansand onsdag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Dag Vige (V) har nyleg vore i Bangladesh og viste fram måleriet som han fekk med seg frå Rajshahi i formannskapet onsdag.

Måleriet var ei gåve frå kunstnaren Ismail Hossain. Han har tidlegare laga eit stort kunstverk på idrettshallen på Odderøya, saman med assistenten sin.

– Kunstnaren var her i 2011 og ville gje ei ny gåve til Kristiansand. Det er utruleg flott laga av ein dyktig kunstnar, seier Vige til NRK.

Rajshahi har vore Kristiansand sin venneby i over 30 år. Kristiansand har samla inn fleire millionar kroner i løpet av desse åra for å gjere kvardagen litt enklare for innbyggjarane.

Pengane vert gitt til sju humanitære organisasjonar som set i verk ulike tiltak.

– Det er alt frå boring etter vatn, hjelp til folk som har det vanskeleg, det har vore laga toalettanlegg og skular, seier Vige.

18.-31. oktober i haust skal Kristiansand ha ei ny innsamlingsrunde.

– Der vil over 50 barnehagar og skular vere involverte.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %