Hopp til innhold

Overlevande og pårørande etter første dag i retten: – Tøffare enn eg trudde det kom til å vere

Overlevande og pårørande etter terroråtaka 22. juli over heile landet følgjer med på Behring Breivik-rettssaka. For mange er det tungt å sjå og høyre terroristen igjen.

Emma Martinovic

Emma Martinovic overlevde terroråtaka 22. juli 2011. Tysdag følgde ho med då rettssaka om prøvelauslating starta i Skien fengsel.

Foto: Kjartan Bjelland / Fædrelandsvennen

– Det har vore tøffare enn eg trudde det kom til å vere. Det var veldig tøft å sjå han. Eg har vore kvalm etter at eg såg han kom inn i rettssalen, seier Emma Martinovic frå Vennesla.

Ho var på Utøya 22. juli.

Tysdag såg ho video på nett av Anders Behring Breivik komme inn i den provisoriske rettssalen i Skien fengsel. Breivik har bede om prøvelauslating.

– I det eine sekundet kjende eg på eit veldig sinne. Det er lenge sidan eg har kjent på sinne eller hat når eg har sett han. Samstundes vart eg dregen veldig tilbake til 22. juli, fortel ho.

Kritisk til mediedekninga

Martinovic har hatt kontakt med andre overlevande i løpet av dagen. Dei har sendt meldingar til kvarandre.

– Det går mykje i at folk må seie ifrå viss dei vil snakke om det er ekstra tøft. Mange kjenner på det same, seier Martinovic som reagerer på mediedekninga av saka.

– På den eine sida er det bra at vi har eit rettssystem der ein domfelt har nokre rettar uansett kva du er dømd for. Men eg tykkjer medieshowet han får er å trakke veldig på oss etterlatne, overlevande og alle som har hatt med 22. juli å gjere, seier ho.

– Eg forstår jo at det er noko som må dekkast, men det er graden av det, og kor mykje det skal bli dekka frå hans side, seier Martinovic.

– Ei stor belasting

Også Tarjei Jensen Bech frå Hammerfest var på Utøya 22. juli.

– Alle som var på Utøya 22. juli opplever dette som ei stor belasting. No ynskjer gjerningsmannen merksemd rundt sin eigen ideologi og sitt eige hat. Mange av de same reaksjonane som vi hadde 22. juli, kjem nok tilbake. Det er fleire som opplever å vere redde, seier han.

Sjølv opplever eg at det er litt verre å skulle sove. Eg er meir anspent og litt meir var for høge lydar. Det er ei stor belasting å skulle gå gjennom dette, seier Bech.

Kjem du til å følgje rettssaka?

– Nei. Det er uunngåeleg å ikkje få med seg noko, men eg kjem ikkje til å bruke tid på det, seier han.

Tarjei Jensen Bech

Tarjei Jensen Bech frå Hammerfest seier han er anspent og var for høge lydar etter at rettssaka starta.

Foto: Svein Lian

– Surrealistisk å sjå

Einar Buø frå Mandal miste son sin Johannes (14) på Utøya. Han har følgt med på saka gjennom media gjennom dagen. Det gjer inntrykk.

– Det rippar opp. Det er lett å tenke på kva som skjedde då han gjorde ugjerninga. Vi har lært at for nokon blir det ei re-traumatisering. Det er litt surrealistisk å sjå, seier Buø.

Han har kontakt med fleire foreldre og pårørande etter 22. juli-åtaka, som opplever det tungt å sjå og høyre terroristen igjen.

– Ein tenker for mykje og detaljert tilbake. Då må ein passe på at ein får stoppa. Viss ikkje gjer det meir vondt enn det skal og bør gjere. Men for nokon kan det vere traumatiserande, seier han.

Samstundes er Buø oppteken av at Breivik har rett til å få saka si prøvd i retten.

– Han har sine rettar slik systemet er. Vi er ein rettsstat og har rettssikkerheit. Då er det viktig at han får gjort det. På same tid har rettssikkerheit, ytringsfridom og demokrati sin pris. Det kjenner vi på kroppen no, seier Buø.

Einar Buø

Einar Buø miste son sin på Utøya 22. juli 2011. Tysdag følgde han med innimellom då rettssaka om prøvelauslating av Anders Behring Breivik starta i Skien fengsel.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– Annleis skrudd saman

Under første dag i retten hevda Breivik at han tek avstand frå vald, men var veldig oppteken av høgreekstrem ideologi i forklaringa si.

– Det er veldig dobbeltmoralsk at han kjem inn med nazihelsing og fortel om avstand mot vald og terror. Alt han gjer motseier det han seier, seier Martinovic.

Undervegs måtte dommaren gripe inn og be terroristen fjerne nazipropaganda.

– Han er tydelegvis veldig annleis skrudd saman enn dei fleste av oss andre. Eg er ikkje jurist, men det kan vere som det er greiast å ha han på innsida av murane, seier Buø.

– Kva om han skulle bli sett fri?

– Ekspertane meiner han ikkje blir det. Det trur ikkje eg heller. Det vesle eg såg i stad viste at han hadde ein forunderleg framferd. Om kan er kapabel til å gjere noko slikt igjen har eg ikkje peiling på, seier han.

– Då eg las at han tok avstand frå vald og terror fekk eg eit sug i mange og tenkte «Shit». Det kan jo faktisk skje. Det kjende eg litt på, seier Martinovic.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %