– Eg har stilt meg spørsmålet om eg er pedofil fleire gonger. Gjennom overgrepa har eg ikkje klart å finne den tilfredsstillelsen eg har søkt etter. Eg kjenner meg ikkje godt nok endå, forklarte han i retten.
– Ikkje seksuell omgang
Ein av gutane forklarte at tiltalte ba han komme til garderoben for å bli behandla etter ein skade. Guten blei beden om å leggje seg ned på ein benk for å få massasje - naken. Der skal tiltalte ha tatt på kjønnsorganet til guten.
LES OGSÅ:
– Det var når han låg der naken eg bestemte meg for å gjere det. Eg ser ikkje på det som skjedde som seksuell omgang. Det var ei seksuell handling. Berøringane var det langsomme, seier tiltalte.
Desperasjon
Han klarar ikkje å forklare kvifor han tok på kjønnsorganet til guten.
– Perioden i slutten av januar var veldig prega av desperasjon eller fortviling.
– Eg ser på meg sjølv som ein person som vil alle godt. I forhold til overgrepa har det vore ein måte å fortelje meg sjølv å fortelje at det ikkje har vore gale. Det har aldri vore ein intensjon å gå inn å forgripe seg. Eg tenkte at det først og fremst var skadebehandling. Utgangspunktet til forhandlinga var ein skadesituasjon.
– Eg sa til meg sjølv at eg ikkje hadde skada nokon. Det eg hadde gjort var i god hensikt. No ser eg at det var frykteleg gale, seier han.
Trenarverv
Tiltalte starta i full stilling som sportssjef i Våg Fotball frå 1. oktober 2007. Før dette hadde han jobba som trenar i Start mellom 1999 og 2002. Frå 2003 vart han trenar i Våg og skulle trene lag ut 2008-sesongen. Frå 2009 skulle han ha ansvaret for eit utviklingslag med spelarar som klubben hadde spesielt tru på.
– Denne guten hadde veldig mange spennande kvalitetar på fotballbana, og som eg vurderte opp mot utviklingsgruppa. Han var ein av dei som ville ha kontakt med meg heile tida, og stilte mange spørsmål om fotball, seier han.
Alltid med i dusjen
Ein annan gut forklarte at tiltalte alltid dusja ilag med spelarane.
– Han var naken og dusja alltid saman med oss. Eg tykte det var veldig ekkelt, og venta alltid til han var ferdig. Han bar til og med ein av gutane naken, seier han.
– Han spanderte brus på oss. Han var den kulaste for oss, og den beste trenaren, seier guten.