Hopp til innhold

Over hundre vil bli ny Start-trenar

Hardtsatsande Start har fått over hundre søknader til trenarjobben i klubben.

Steffen Lie Skålevik

Over hundre fotballtrenarar har meldt interesse for trenarjobben i Start.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Vi har fått veldig mange innspel, og over hundre meir eller mindre konkrete søknader, seier sportssjef Tor-Kristian Karlsen til NRK.

I slutten av september fekk Steinar Pedersen sparken som trenar i 1. divisjonsklubben.

Å ligge på direkte opprykksplass var ikkje nok for klubben, som fekk nye eigarar og friske pengar i sommar.

Starttrener Steinar Pedersen på La Manga

Steinar Pedersen fekk sparken som trenar i Start i september.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

– Ein stor klubb

Sidan har klubben jakta Pedersen sin erstattar. På pressekonferansen, der Pedersen-sparkinga vart kjent, kom det fram at klubben håpa på å ha ny trenar på plass innan heimekampen mot Ranheim 17. oktober.

– Det viktigaste er at vi finn ei løysing som vi er nøgde med, og som vi føler er riktig for Start både i kort og langt perspektiv, seier Karlsen nesten tre veker seinare.

I mellomtida er det assistenttrenar Mick Priest og Joey Hardarson som styrer Start-skuta. Karlsen vedgår at det er utfordringar knytt til å hente ny trenar i sesonginnspurten.

– Eg trur den største utfordringa for trenarar er å gå frå andre stillingar no. Slik er det med alt. Dei beste i bransjen er i jobb. Difor er det jo vanskeleg på dette tidspunktet der alle klubbar har sesongavslutning og har mål dei skal nå, seier han.

– Men i alle fall dei vi har snakka med er innforstått med at Start er ein stor klubb i Norge med tradisjon, og at vi har planar og ambisjonar om å gjere vår klubb attraktiv, seier Karlsen.

Tor-Kristian Karlsen

Tor-Kristian Karlsen vart tilsett som sportssjef i Start i sommar.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Eit frykteleg politikarsvar

Han seier også at klubben vurderer kva type trenar dei skal gå for.

– Eg trur vi kan vere moden for å vere ein klubb som kan løfte ein ung norsk trenar opp og fram. Men vi har også sett på meir erfarne namn som klingar mykje meir blant supporterar og meinigmann. Totalt er det nok rundt seks og åtte namn vi har sett på konkret, seier han.

– Som framleis er med i diskusjonen?

– Dette er dynamisk. Så nokon hoppa av og på. Inntil vi ha tilsett nokon vil det kanskje dukke opp nokon frå sida, seier han.

Ifølgje Fædrelandsvennen er Molde-assistent Mark Dempsey Start sitt førsteval som ny trenar. Det vil ikkje sportssjefen kommentere.

– Det einaste eg kan seie er at vi ikkje kommenterer enkeltnamn, og det er kjedeleg. Men du malar det raskt opp i eit hjørne, og då må du kommentere alle namn. Då er det betre å ikkje kommentere nokon. Det er eit frykteleg politikarsvar, men vi har ein jobb å gjere med å skjerme vår «research» og kandidatane vi snakkar med, seier han.

Sør Arena

Det er ikkje klart kven som blir den nye sjefen på Sør Arena.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %