Hopp til innhold

Over 20 000 vil sjå Vipers i Meisterligaen

Det ligg an til å bli ny publikumsrekord når handballaget Vipers frå Kristiansand skal spele semifinale i Budapest.

Champions league håndball, Vipers - Rapid Bucuresti (40-31)

3. juni skal Vipers spele semifinale i Budapest.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Rekorden frå i fjor på 15.400 billettar er allereie slått og det er venta at det bikkar 20.000 tilskodarar.

Det seier Thomas Schöneich i det europeiske handballforbundet, knappe to veker før det brakar laus på banen i MVM Dome i Budapest når Champions League 22/23 skal avgjerast.

Laurdag 3. juni er Vipers Kristiansand klare for sin fjerde semifinale på rad i Meisterligaen. No står Vipers føre ei utfordring få har klart før. Og dei er med på å skrive historie.

Vipers-spillere jubler med Final Four-pokalen.

Det er ein reprise av dette mange ynskjer seg: Vipers-spelarar som hentar heim nok eit gull-trofé.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Slår herrane

For med publikumsrekord vil også ein annan viktig milepæl nåast:

– For fyrste gong i historia kan det bli fleire tilskodarar for å sjå kvinnene enn det pleier å vere under herranes finale i Köln, seier Schöneich nøgd.

Og blant publikum er fleire hundre lokale fans som tar turen frå Sørlandet.

– Vi er glade for å ta imot minst 350 Vipers-supportarar, seier han.

Omtrent 200 Vipers-supportere er i Budapest for å støtte Vipers i Final Four. Flere av dem er nå i full gang med oppvarminga til kvelden semifinale mot Metz.

Fleire hundre Vipers-supportarar står klare til å heie fram favorittlaget sitt i nok ein Champions League- finale. Her frå finalen i fjor.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Heilt fantastisk!

Det er heilt fantastisk at i idretten vi elskar så klarer kvinnene å nå denne milepælen! Det seier ein nøgd dagleg leiar i Vipers Per Geir Løvstad.

Han viser til kor sterkt kvinnehandball står i Europa, og meiner dette er eit synleg bevis på kor langt ein kan nå dersom styresmaktene bygger ein framtidsretta arena.

Allereie andre gongen det arrangerast finale 4 i MVM Dome, så klarar kvinnene å fylle arenaen.

Interessa frå det lokale publikummet har også vore god, seier Løvstad.

Målet er å ha med 150 personar på flyet til Budapest og rundt 175 på returen. Då blir store deler av laget også med. Totalt sel vi 300 billettar til kampen. I tillegg kan det vere andre nordmenn som har kjøpt billett direkte i Ungarn.

Daglig leder i Vipers, Per Geir Løvstad.

Per Geir Løvstad peiker på at kvinnehandball er stort i Europa.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %