Ordkrigen i gang før cupfinalen: – Det blir galskap mot tafatte sørlendingar

Marknadssjefen i Bodø Håndballklubb yppar seg mot ØIF Arendal etter at dei to klubbane sikra plass i cupfinalen.

Ordkrig ØIF vs. Bodø

Bodø er saman med Elverum og ØIF Arendal det store publikumslaget i norsk herrehandball.

Foto: NRK

Bjørn Heitmann, Bodø kommunale FAU

Bjørn Heitmann i Bodø Håndballklubb.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportleg leiar i ØIF Arendal Per Carsten Michelsen.

Foto: Kim Nystøl/NRK
– Det blir galskap på tribunane mot dei tafatte sørlendingane frå Arendal, sa marknadssjef Bjørn Heitmann til NRK etter at Bodø slo Haslum i semifinalen onsdag kveld.

Dermed er ordkrigen i gang godt over ein månad før cupfinalen i Oslo Spektrum 30. desember.

– Sørlendingane er av eit litt anna kaliber enn oss nordlendingar. Vi har eit litt anna ordforråd og er litt tøffare i kjeften. Dei er litt meir høffelege sørpå. Det er meir venleg klapping. Vi har litt anna trøkk vil eg seie, seier Heitmann.

«...øppnat sin stygga kæft igen»

NRK har ikkje lukkast med å få kontakt med ØIF-trenar Marinko Kurtovic. Men på Facebook-sida si skriv han følgjande: «Nu har smarte Heitmann øppnat sin stygga kæft igen.Puh ja».

Også sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen, slår tilbake mot sleivsparket frå nord.

– Det er godt at dei har vakna i Bodø, men det er jo sjeldan dei har vore ute og reist. Dei har ikkje opplevd så mykje der oppe når det gjeld handball. Dei er ganske aleine i hallen sin når dei spelar kampar, seier han.

– Supportarane til Bodø er jo nesten alltid aleine fordi det er vanskeleg for motstandarane sine supportarar å reise. Er du aleine i hallen er det ikkje så vanskeleg å overkøyre dei som ikkje er der, seier Michelsen.

ØIF Arendal håper på nye, nasjonale sponsorer, etter den historiske seieren i går. For første gang har laget nådd cupfinalen i håndball, og ledelsen tror at det vil gjøre dem mer attraktive.

Sjå korleis semifinalesigeren vart feira i Arendal.

Vil fylle Oslo Spektrum

ØIF Arendal slo Elverum 26-23 på heimebane då dei sikra finaleplass føre over 2500 tilskodarar i Sør Amfi. Arendalittane vart jaga fram av eit entusiastisk heimepublikum. Det trur Michelsen Bodø vil merke i cupfinalen.

– Dei vil få seg ei aha-oppleving. Det med trege og trauste sørlendingar kjem dei aldri til å nemne igjen, seier han.

Saman med Elverum er Bodø og ØIF Arendal klubbane som samlar flest tilskodarar til heimekampane sine. No håpar begge leirar på at Oslo Spektrum vert fylt til randen under cupfinalen.

Faktisk var ØIF Arendal og Bodø dei to einaste klubbane som var invitert til eit møte med handballforbundet i fjor vinter. Der var tema korleis ein skal fylle tribunane under cupfinalen. No møtest dei altså i finalen.

– Det bur mange frå Bodø i Oslo. I tillegg skal vi fly ned så mange supportarar som mogleg. Det er fantastisk artig at vi møter ØIF i finalen. Når eit bylag frå Oslo kjem til finalen møter det opp eit par hundre supportarar. Dette er ein siger for handballen, seier Heitmann.

ØIF ARENDAL KLARE FOR FINALE
ØIF Arendal klare for finale