Hopp til innhold

Ordførarkamp i Grimstad

Venstre og Arbeiderpartiet vart valvinnarane i Grimstad. Dermed blir det truleg kamp mellom Hans Antonsen (V) og Per Svenningsen (Ap) om ordførarklubba.

Hans Antonsen

Hans Antonsen får kamp om ordførarklubba frå Per Svenningsen i Arbeiderpartiet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Arbeiderpartiet fekk eit kjemperesultat på 24,9 prosent, etter ein framgang på 7,5 prosentpoeng. Dei er dermed det største partiet i kommunen, og får ni representantar i kommunestyret. Det er tre fleire enn i dag.

Ein ny representant

Også Venstre gjorde eit godt val med ein framgang på 3,9 prosentpoeng. Partiet oppnådde 20,1 prosent av stemmene. Partiet står dermed med 7 representantar. Det er ein meir enn i dag.

KrF er det tredje største partiet i kommunen med 14,1 prosent. Partiet gjekk tilbake 2,6 prosentpoeng frå førre val. KrF misser ein representant og står att med fem.

Senterpartiet gjekk også tilbake. Partiet fekk 4,5 prosent av stemmene og gjekk tilbake 1,7 prosentpoeng, men beheld to representantar, som i dag.

Frp tilbake

SV gjekk tilbake to prosentpoeng og misser ein representant. Dermed står dei att med ein med sine 2,9 prosent.

Også Høgre gjekk tilbake med eit prosentpoeng. Partiet enda på 13,8 prosent og står med fem representantar også i den neste perioden.

Framstegspartiet vart taparen i Grimstad. Partiet fekk 18,2 prosent av stemmene, noko som er ein tilbakegang på 5,7 prosentpoeng frå førre val. Dei misser dermed to representantar, og står att med seks.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %