Hopp til innhold

Ordførar kjempar for ny E39

Arbeiderparti-ordførar i Marnardal, Helge Sandåker, vil leggje press på partikollegaene i Ap. Måndag møter han Ap-politikarane som sit i Stortingets transportkomité i eit møte i Oslo.

Bilkø på E39 ved Flekkefjord

- MÅ HA NY E39: Marnardal-ordførar Helge Sandåker skal møte Ap-politikarane i transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dersom vi ikkje får ei løysing på E39 relativt raskt vil kommunane vest for Kristiansand tap i utvikling. Folk vil ikkje bu der om dei ikkje kjem seg fram på ein nokonlunde fornuftig måte tidsmessig, seier ordføraren til NRK.no.

Seinast måndag morgon vart ei kvinne lettare skada ved Valand i ei trafikkulykke. Det vil Sandåker dra fram.

– For lite pengar

Helge Sandåker

Helge Sandåker

Foto: Lars Helge Rasch / NRK

– Det viser ei typisk sak på denne vegen. Det er veldig mykje tungtrafikk. Vi ser at det forsårsakar mange ulykker. Det er berre ei påminning om kor viktig dette er, seier Sandåker.

Marnardal-ordføraren skal komme med innspel til komitémedlemmene i forhold til Nasjonal Transportplan som no er ute på høyring.

– Det er for lite pengar. I alternativet der dei aukar rammene med 45 prosent ligg det inne ein del pengar på Sørlandet. Men bodskapen vil vere at det er behov for meir pengar, seier han.

– Må auke rammene

– Vi må auke rammene til 65 prosent. Då kan vi byggje ganske mykje veg på Sørlandet. Minstekravet må vere at vi i første tiårsperiode får bygd firefeltsveg mellom Kristiansand og Vigeland og at den vert fullfinansiert i den perioden, seier Sandåker.

– Samfunnsutvikling er den eine sida. Sikkerheit er den andre. Det er alt for mange dødsulykker og alvorlege ulykker på E39 mellom Kristiansand og Stavanger. Vi er nøydde til å få fortgang, seier ordføraren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %