Hopp til innhold

Opprykk kan skape «trøbbel» for Jerv

FK Jerv kjempar om kvalifiseringsplass til eliteserien. Dersom klubben mot alle odds skulle rykke opp til eliteserien betyr det store utfordringar for klubben.

Det skal dreie seg om fotball, og nærmere bestemt Jerv som har gjort det bedre enn mange hadde forventa i førstedivisjon. Kvalifisering til eliteserien KAN dermed bli en realitet, og det gjør ledelsen litt skjelven.

Sjå reportasje med FK Jerv.

– Det vil bli eit problem i seg sjølv. Både banemessig og andre ting vil vere veldig forskjellig frå 1. divisjon, seier styremedlem i klubben, Ola Syse til NRK.

Ola Syse, styremedlem FK Jerv

Ola Syse er styremedlem i FK Jerv.

Foto: Morten Rosenvinge
Ohi Omoijuanfo, FK Jerv

Ohi Omoijuanfo.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK
Øyvind Knutsen, FK Jerv

Øyvind Knutsen.

Foto: Morten Rosenvinge/NRK

Jerv har overraska dei aller fleste denne sesongen. Klubben rykte opp til 1. divisjon i fjor og har teke den nye divisjonen med storm.

Med seks kampar att ligg klubben på 6.-plass. Det betyr kvalifisering til eliteserien.

Dersom klubben skulle klare opprykk må klubben mellom anna få på plass både undervarme og flaumlys på Levermyr stadion.

Har tukta storlaga

– Det er jo gøy å tulle litt med tanken om å rykke opp. Men det er ikkje noko vi fokuserer noko veldig på. Vi er først og fremst ute etter å utvikle oss som lag og enkeltspelarar, seier spissen Ohi Omoijuanfo.

– Vi har heile tida hatt trua på at vi har noko å gjere i 1. divisjon, og at vi skal vere eit lag som kan kjempe på øvre halvdel av tabellen, seier keeper Øyvind Knutsen.

Klubben har mellom anna tatt poeng i alle kampane mot Brann, Sogndal og Sandnes Ulf som rykka ned frå eliteserien i fjor.

– Det var overhodet ikkje venta at det skulle gå så godt som det har gjort. Det er berre heilt utruleg, seier Jerv-veteran Arnfinn Fosselie.

Møter opprykksrival

Søndag tek sørlendingane imot Kristiansund på Levermyr stadion. Vestlendingane kjempar for å direkte opprykk til eliteserien.

Med siger der vil Jerv vere endå eit steg nærare kvalifiseringsspel til eliteserien. Dersom klubben skulle gå heile vegen betyr det ein heilt ny kvardag.

– Vi har hatt veldig forandring berre ved å gå frå 2. divisjon til 1. divisjon. Skilnaden blir endå større om vi lukkast med å rykke opp. Det får komme som det kjem. Vi har beina på bakken, så får vi sjå kva som skjer, seier styremedlem Syse.

Jerv har scoret mot Fredrikstad

Jerv har imponert heile Fotball-Norge denne sesongen. Her feirar spelarane scoring mot Fredrikstad.

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %