Normal

Oppkøyringskøen er borte

Du treng ikkje lenger vente på å køyre opp i Kristiansand.

Kjøreopplæring Stjørdal

INGEN KØ: Oppkøyringskøen er borte i Kristiansand. (Illustrasjonsfoto)

– For eit halvt år sidan var det over tre månaders ventetid for å kunne ta førarprøva. I dag er det omtrent ikkje ventetid i det heile, seier dagleg leiar ved UFO Trafikkskole, Alf Yngve Bjørnstøl til NRK.no.

Årsaka til at ventelistene er borte er at det er tilsett fleire nye sensorar, ifølgje Statens vegvesen.

– På grunn av dei lange ventelistene drøya mange av elevane å ta køyretimar. No føler vi det har losna litt igjen, seier Bjørnstøl.