– Kommunen må skjerpe seg. Vi har tilfelle der slike ting har blitt ståande i månadsvis utan at det blir fjerna, seier Said til NRK.
– Kommunen må prioritere slike ting og male over så raskt som råd. Kommunen har nedprioritert dette, seier han.
Etter ei rask runde i bydelen Grim i Kristiansand ser vi ei rekkje tekstar og symbol som er tagga på gjerder og murar.
«Islam ut av Europa»
Meldingane har rasistisk og nazistisk innhald. På ein av stadene står det mellom anna «Islam ut av Europa».
– Det viktigaste ein kan gjere er å male over slike ytringar så raskt som råd. Dette er uakseptabelt i dagens samfunn. For det første krenker det folk og det gir feil signal til barn som veks opp, seier politikaren.
Sistnemnde er AUF-aren særs oppteken av. Dagleg passerer skulebarn tagginga på veg til og frå skulen.
– I skulen kjempar vi for at barn skal bli tolerante. Men når barna ser slike ting gir vi feil signal, seier han.
– Jævla idiotar
Medan Abdi Said vert fotografert ved sidan av tagginga som omtalar islam, stoppar ei kvinne opp. Ho er tydeleg engasjert og er irritert over å sjå meldingane. Ho vil ikkje stå fram med fullt namn, men fortel at ho er muslim.
– Jævla idiotar. Dette er barnslighet i lang veg og mangel på kunnskap. Eg blir provosert. Eg er fødd og oppvaksen i Norge og er heldig slik sett, at folk ikkje tek meg for å vere utlending, seier Laila.
– Mitt namn høyrest norsk ut. Men søskena mine har utanlandske namn og vert utsett for rasisme, fortel ho.
Ho meiner kommunen gjer for lite for å hindre tagging av rasistiske og nazistiske symbol og ytringar.
Rosar lokalbefolkninga
– Er det snakk om at kvar bidige krone skal snuast på og rettferdiggjerast, så er det her kommunen bør engasjere seg. Det startar frå ein er små og set seg til ein vert eldre. Ein vert garantert påverka av miljøet rundt ein, seier ho.
– Kommunen må engasjere seg både økonomisk, men og setje av tid til å følgje opp dei unge, seier Laila.
Abdi Said rosar lokalbefolkninga som har teke saka i eigne hender. Han hevdar at fleire privatpersonar brukar tusenvis av kroner på maling for å fjerne ytringar som er tagga på gjerder og murar.
– Dei som bur her har gjort ein kjempejobb. Det er flott å sjå at dei sjølv tek initiativ til å fjerne ytringane. No er det på tide at kommunen gjer sin jobb, seier han.
Kommunen: – Har ikkje vore gode nok
Kristiansand kommune har eit eige tagge-team som skal fjerne tagging så raskt som råd, etter at dei har blitt varsla. Men kriminalitetsførebyggjande koordinator Olaf Haugen vedgår at dei har ein veg å gå.
– Eg forstår godt at dei er opprørt. Vi ser eit forbetringspotensial. Vi har ikkje vore gode nok, seier Haugen til NRK.
Rådmannen i kommunen har no løyvd 300 000 kroner ekstra for å styrke arbeidet med å fjerne rasistisk tagging.
– Det er nettopp for å kunne få dette bort raskare. Når vi får melding skal dette skje omgåande. Så vil det skje nokon glippar og det beklagar eg. Det er uansett ein type tag som vi ikkje ynskjer i byen vår, seier Haugen.
Abdi Said ber også taggarane om å tenke seg om.
– Dette er feil måte å ytre seg på. Om ein vil ytre seg finst det debattinnlegg i media. Folk bør vere vaksne nok til å forstå at dette ikkje er måten å gjere det på, seier han.