Hopp til innhold

Oppfordrar til GPS-sporing av enkeltpersonar

Dei siste åra har det blitt brukt store ressursar på leiteaksjonar. Røde Kors og Datatilsynet meiner GPS-merking kan vere forsvarleg for personar med særlege behov.

Leteaksjon i Grimstad

Det vert brukt mykje ressursar på leiteaksjonar når personar er sakna. Her frå leiteaksjonen i Grimstad tidlegare denne veka.

Foto: Elisabeth Grosvold

Torsdag vart ein stor leiteaksjon avslutta i Grimstad då ei 16 år gammal jente vart funnen i god behald etter å ha vore borte i over eitt døgn.

Dei siste åra har det vore fleire leiteaksjonar der store ressursar vert sett inn for å finne personar som også tidlegare har blitt meldt sakna. I dei fleste tilfella gjeld det eldre og demente.

Informasjonsansvarleg i Vest-Agder Røde Kors hjelpekors, Sveinung Tofteland, meiner GPS-merking kan lette arbeidet i søk av sakna personar. Særleg gjeld dette personar som ofte blir borte.

– Det er ikkje lov med påtvungen sporing i Noreg, men for Røde Kors sin del som brukar frivillig tid så kan det i mange tilfelle vere ønskjeleg at familiar som har medlemmar som er kjent med at dei kan kome fort bort, frivillig går inn på løysingar der ein kan spore personar.

Samfunnsøkonomisk viktig

Tofteland trekk fram private løysingar for GPS-sporing som til dømes Google og applikasjonen «Finn min iPhone». Han trur ikkje alle er klar over moglegheitene for GPS-sporing som finst i dag, og at GPS-sporing reint samfunnsøkonomisk kan vere ein stor fordel.

Ove Skåra

Kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet Ove Skåra.

Foto: Datatilsynet

Dette er kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet, Ove Skåra, einig i.

– Viss dette viser seg å vere tendensar som skjer ofte så er det viktigaste å tenkje at vedkomande kan stå i fare for seg sjølv, og i den samanheng vil GPS-merking vere eit gode for den det gjeld, næraste familie og ikkje minst for samfunnet som heilskap når det gjeld kostnader og effektivitet.

Ifølgje Skåra seier lovverket at foreldre som har born under myndigheitsalder kan bestemme om borna skal ha GPS-merking på seg, i samsvar med bornas beste.

Det som er gjennomført i regi av kommunen og helsevesenet er å rekne som ein type kontrolltiltak som er regulert i helselovgivninga.

– For demente, psykisk utviklingshemma og andre som erfaringsmessig kan gå seg bort, med fare for liv og helse, kan bruk av GPS faktisk gi meir integritet, verdigheit og fridom, enn viss ein blir passa på og gitt mistillitt i veldig stor grad, seier Skåra.

Sjå intervju med Sveinung Tofteland her:

Tofteland i Røde Kors om merking av folk med GPS

Etiske dilemmaer

Sjølv om GPS-merking kan vere hensiktsmessig om ein gjer det på riktig måte, kan det oppstå fleire etiske problem.

– Vi åtvarar foreldre mot å utstyre borna sine viss det ikkje er spesielle behov som gjer det naudsynt, og ein gjer det i samråd med helsetenesta. Normalt fungerande born skal sjølvsagt ikkje GPS-overvåkast.

Dette gjeld også personar som er på institusjonar, til dømes psykisk utviklingshemma eller demente. Då blir det å rekne som eit kontrolltiltak.

– Men der har ein også dei siste åra fått laga eit regelverk og rutinar som gjer at det er fullt mogleg å gjennomføre dette på ein måte som også tek omsyn til den enkelte.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %