Hopp til innhold

Oppdaga skyhøgt radonnivå i drikkevatnet

Ved ei tilfeldighet oppdaga familien frå Vegårshei at dei hadde skyhøge nivå av radon i drikkevatnet sitt. No oppfordrar dei andre med privat drikkevasskjelde å teste.

Radonhuset i Vegårshei

Familien frå Vegårshei oppdaga ved ei tilfeldigheit dei skyhøge nivå av radon.

Foto: Privat

Det var eit tilfeldig tips under eit besøk hos tannpleiaren som gjorde at Linda Myre og familien i Vegårshei målte radoninnhaldet i vatnet sitt.

Linda Myhre

Linda Myre og familien i Vegårshei oppdaga ved ei tilfeldigheit at dei hadde høge nivå av radon i drikkevatnet sitt.

Foto: Privat

– Tannpleiaren sa at det var lurt å måle fluorinnhaldet i vatnet med tanke på om det var naudsynt å ta fluortablettar. Då eg fekk bestillingsliste på fleire prøver, så såg eg at det gjekk an å måle radoninnhaldet i vatnet. Dette var eg ikkje klar over, men kryssa av for det også.

Då fekk familien sjokk.

– Eg hadde ikkje tru på at det kunne vere noko, men gjorde det for sikkerheits skuld. Då vi fekk svara etter nokre veker så viste det skyhøge verdiar.

Kan måle radon heile året

Det viste seg at det var 1600 becquerel.

Avdelingsingeniør hos Statens strålevern, Josephine Prendergast, kan bekrefte at ei måling på 1600 becquerel i drikkevatn er høgt.

Radon vannkilde

Familien har eigen drikkevasskjelde utanfor huset.

Foto: Privat

– Når det gjeld vatn frå private brønnar er tiltaksgrensa på 500 becquerel per liter. Det same gjeld om du måler radon i vatnet og resultatet er høgare enn 500 becquerel per liter, då anbefalast det å setje inn tiltak.

Ifølgje Statens strålevern skal måling av radongass i luft gjerast mellom midten av oktober og midten av april. Slik er det ikkje når det gjeld måling av radon i drikkevatn.

– Ein kan måle radon i vatn heile året. Det er fleire laboratorier som tilbyr analyse for radon i vatn og desse kan ein kontakte for prøvetakingsutstyr, seier Prendergast.

Oppfordrar andre til å måle

Det er dei som har eigen drikkevasskjelde som kan ha for høge radonnivå i vatn.

Einhetsleiar for teknisk drift i Vegårshei kommune, Tore Smeland, fortel at kommunen berre har ansvar for å sjekke kommunale drikkevasskjelder.

– Med private drikkevasskjelder så er det den private eigar av drikkevassanlegget som har ansvar for det.

Linda Myre oppfordrar andre som har eigne drikkevasskjelder til å undersøkje om dei også har for høge nivå av radon i drikkevatnet.

– Etter at vi tok denne prøva så sa vi ifrå til naboane, som også ville ta prøver. Det viste seg at dei hadde 1700 becquerel, endå høgare enn oss.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %