NRK Meny
Normal

Opnar for sal av Nupen-kunst

27. mai opnar den første Nupen-utstillinga etter kunstnaren sin død.

KJELL NUPEN nupen-blått

Kjell Nupens kunst skal stillast ut på Kunstgalleriet i Stavanger.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det er på Kunstgalleriet i Stavanger kunsten til Kjell Nupen skal stillast ut.

– Interessa rundt Nupen er stor i heile Skandinavia, han var meir enn ein nasjonal kunstnar. Vi reknar med at interessa rundt denne utstillinga skal vere internasjonal, seier Elin Halvorsen, som driv galleriet, til Dagbladet.

Det vil dermed bli opna for å sjå og kjøpe kunst for første gang etter at han døydde 12. mars.

Etter Nupens død trekte galleri tilbake kunstverka hans.

– Folk må ikkje bli skremde og tru at det er veldig høge prisar. Det er det ikkje. Vi held oss til dei prisane Nupen hadde på sine utstillingar på slutten, seier Halvorsen til avisa.