Dyreparken sin nye attraksjon kosta 28 millionar kroner å bygge.
– Vi vert trigga av å vekse mot nye høgder. Det er målet vårt også, seier administrerande direktør i Dyreparken, Per Arnstein Aamot til NRK.
No håpar han at Hakkebakkeskogen vil få endå fleire besøkande til parken. Direktøren seier det er for tidleg å seie kva inntekter Hakkebakkeskogen kan gje.
– Det kan eg ikkje svare på no, men passerer vi ein million gjester vert det eit veldig hyggeleg år, seier han.
I Hakkebakkskogen får dei besøkande sjå levande skodespelarar. Publikum sit i eit tog som passerer forbi.
Det er sonen til Torbjørn Egner, Bjørn, som har teikna området.
– Eg har brukt far min sine scenografiskisser som han laga til teateroppsetting og modellar når vi har teikna delane som har med scena å gjere, seier han.