Hopp til innhold

Ønskjer bussbillettar til ti kroner

Arendal KrF ønskjer å innføre bussbillettar til 10 kroner, men fekk berre støtte frå Arbeidarpartiet då politikarane debatterte saka.

buss Arendal, Setesdal bilruter

Arendal KrF ønskjer å innføre bussbillettar til 10 kroner.

Foto: Erik Wiig-Andersen / NRK

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

KrFs ordførarkandidat i Arendal Øystein Krogstad, seier han er veldig forundra over at det berre var Arbeidarpartiet som støtta forslaget.

– Dette vil gagne miljøet, familiar som ikkje har råd til to bilar og det vil lette trykket på vegane.

Bussbillettar til 10 kroner var oppe under ein politisk debatt på Bjellandstrand gard tysdag kveld.

Krogstad seier at han sjølv gjerne kunne tenkt seg gratis buss òg, slik det skal bli i Stavanger frå 1. juli.

Øystein Krogstad

KrFs ordførarkandidat i Arendal Øystein Krogstad, meiner bussbillettar til 10 kroner vil gagne både miljø og familiar.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Viktigare med hyppigare avgangar

Høgres ordførarkandidat i Arendal Linda Øygarden, stadfestar at dei ikkje støtta forslaget.

– Det er rett og slett fordi vi tenkjer at det er endå viktigare å få til hyppigare avgangar. Vi trur det er det som vil få folk til å ta buss og det veit vi at folk spør etter, seier ho.

KrF grunngir forslaget med at det mellom anna er bra for miljøet. Kva tenkjer du om det?

– Vi tenkjer at det er andre miljøtiltak som er betre.

Les også: Gir 60 millioner til kanal i Arendal

Arendal Kanal
Arendal Kanal

Øygarden påpeikar at det er område i Arendal som i dag er dårleg dekt, og trekkjer fram Tromøy, Hisøy og Flostad.

– Og då tenkjer vi at det er ei betre ordning å prøve å få til løysingar som gjer at folk lettare kan ta buss.

De var ikkje positive til billigare buss no, men kan det vere at de vil vurdere det i framtida?

– Vi skal ikkje avvise det. Samtidig så har vi veldig mykje anna som vi kjem til å prioritere over dette når det gjeld kvar vi skal putte pengane, seier Øygarden.

Linda Øygarden

Høgres ordførarkandidat i Arendal Linda Øygarden, trur fleire avgangar er det som må til for å få fleire til å ta buss.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Må få råd til dette

Krogstad i KrF trur kostnadene i samband med billigare kollektivtransport, vil dekkjast inn ved at fleire kjem til å ta buss.

– No sit det kanskje tre, fire stykke på bussen og betaler 40, 50 kroner kvar. Viss prisen blir ti kroner, er eg sikker på at talet på passasjerar vil doble seg, som det har gjort i Haugesund.

Han legg til at om det skulle koste litt, så må kommunen ta seg råd til det.

– Det handlar om miljø og det er samfunnsøkonomisk veldig lurt, så dette må vi få råd til, seier han.

Les også: Sørlandsby på fasjonabel liste

Nasjonaldagen fra oven i Pollen i Arendal
Nasjonaldagen fra oven i Pollen i Arendal

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,59 kr
Dyrest kl. 16 0,69 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %