Hopp til innhold

Krangel om elsparkesyklar i Lillesand – ønskjer samarbeid

Selskapet Bovi Mobilitet ønskjer å plassere fleire elsparkesyklar i Lillesand. Etter kritikk i sosiale medium ønskjer dei eit samarbeid med kommunen før dei blir sette ut.

Elsparkesykler i Lillesand.

Bovi Mobilitet ønskjer å samarbeide med Lillesand kommune om å plassere ut fleire elsparkesyklar i byen.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

– Kvar enkelt by er annleis, og dette er eit transporttilbod som har komme for å bli.

Det seier dagleg leiar i Bovi Mobilitet, Metin Øzdal, om elsparkesyklane som er å finne i stadig fleire byar.

Selskapet har nyleg plassert ut 30 elsparkesyklar i Lillesand.

Denne veka gjekk dei ut på Facebookgruppa «kva skjer i Lillesand» for å møte kritikken som har komme etter etableringa.

Kritikken handlar om frykta for at elsparkesyklane vil gjere bybiletet rotete.

– Vi er fullt klar over at Lillesand har eit lite sentrum, men ein by som er veldig spreidd med eit dårleg transporttilbod. Vi trur på at vi kan styrkje det noverande transporttilbodet med elsparkesyklar.

EL-sparkesykler i Lillesand.

Bovi Mobilitet ønskjer å plassere 30 nye elsparkesyklar i Lillesand før fellesferien i sommar.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Vellykka pilotprosjekt

Særleg Blindeforbundet har vore sterkt kritisk til etableringa.

Dei har uttrykt at Lillesand og andre kommunar der dette ikkje er regulert frå før, burde forby syklane.

– Elektriske sparkesyklar har vist seg å vere til stor fare for fotgjengarar generelt, og blinde og svaksynte spesielt, sa Arnt Beckstrøm Holte, leiger av interessepolitisk utval i Noregs Blindeforbund Aust-Agder til NRK i slutten av april.

Les også Ber kommunar forby elsparkesyklar

Arendal har, som en av de siste byene i Norge, fått elsparkesykler.

Men Øzdal viser til eit vellykka samarbeid med Tønsberg kommune med gode resultat.

– Vi er kjende for eit vellykka pilotprosjekt saman med dei, sier Øzdal.

I testen fekk Bovi Mobilitet verken klager på feilparkerte syklar eller syklar som stod til hinder i vegen, ifølgje Øzdal.

Før fellesferien ønskjer Bovi Mobilitet å plassere ut 30 nye syklar i Lillesand.

No vil dei invitere kommunen saman med Blindeforbundet til eit samarbeid for å få til eit prosjekt som fungerer for alle partar.

Vi ønskjer å tilby både ressursar og kompetanse. Vi har tilbode kommunen å hjelpe som rådgivarar når dei teiknar forskrift og lokale retningslinjer.

Les også Våknet opp til 100 elsparkesykler. – Dukket plutselig opp

Elsyklene dukket opp over natta.

Fleire tiltak

Øzdal seier selskapet set tryggleik for forbrukarane høgt på dagsordenen.

Tiltaka han nemner er mellom anna at dei vil påskjønne brukarar som parkerer syklane på viste plassar med gratisturar, og dessutan oppmoding om å bruke hjelm.

– Vi har ulike tiltak som vi meiner kan avgrense risikoen for ulykker og feilparkerte sparkesyklar.

Viss du skal bruke sykkelen mellom klokka 23.00 og 05.00 vil du også få ei melding som oppmodar til å bruke tenesta i edru tilstand, følgje trafikkreglane, og kort om konsekvensane viss du likevel vel å bruke sykkelen med rusmiddel i blodet.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %