Hopp til innhold

Onsdag står han utan kontrakt

Kontrakten til Espen Børfusen med Start går ut tysdag. Fleire eliteserieklubbar har snusa på kantspelaren, men no opnar han for å bli i Kristiansand.

Børufsen

GÅR UT: Kontrakten til Espen Børufsen med Start går ut tysdag.

Foto: NTB/SCANPIX

– Det er litt kjedeleg situasjon å vere i. Eg vil gjerne ha ei avklaring. Men eg har ein god dialog med Start, så eg stressar ikkje, seier Børfusen til NRK.no.

I vinter gav 1. divisjonsprofilen beskjed om at han ville forsikre seg om at laget var godt nok til opprykk, før han skreiv under ny kontrakt. Kort tid etter vart han skada og måtte følgje lagkameratane frå sidelinja bortimot heile vårsesongen.

Vil ha Børufsen med

Mons Ivar Mjelde

TRUR PÅ ORDNING: Trenar Mons Ivar Mjelde er klar på at han ynskjer Børufsen med vidare.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Start toppar tabellen suverent etter halvspelt serie. No seier 25-åringen at han kan bli verande i Start.

– Start er ein fin klubb, så det er ikkje noko i vegen for det, seier han.

Trenar Mons Ivar Mjelde er klinkande klar på at han ynskjer venstrekanten med vidare.

– Eg reknar med at det ordnar seg og at vi har ein svolten Børufsen med i neste kamp, seier Mjelde.

Sa nei til LSK

Fleire klubbar har vore interessert i å signere Børufsen tidlegare. Sørlendingen sa blant anna nei til Lillestrøm, då dei la fram eit kontraktsforslag i mars. Årsaka var at klubben ville bruke Børufsen som back.

I tillegg skal både Viking og Brann ha snusa på Børufsen. Men agent Stig Lillejord sa i førre veke til NRK at det ikkje er «noko konkret akkurat no» med tanke på andre klubbar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %