Hopp til innhold

Omkomne fiskarar henta opp frå sjøen

Begge dei to omkomne fiskarane frå Lindesnes er no henta opp frå sjøen, skriv Lindesnes.

Leiteaksjon etter fiskarar

Dei to fiskarane vart henta opp frå sjøen torsdag.

Foto: Lars Eie/NRK

Dei to mennene har ligge i sjøen sidan fiskebåten Carina forliste utanfor Farsund 12. februar.

– Trass i at dette er ei tragisk hending er det mykje glede hos både dei som har jobba med dette og familien, seier politistasjonssjef i Mandal Bjart Gabrielsen til NRK.

– Begge dei to omkomne er no henta og vil bli frakta på land etterkvart, seier Gabrielsen.

I fleire veker har det blitt jobba med å lokalisere dei to fiskarane. Den eine vart funne i styrhuset på båtvraket 18. mars. Onsdag vart også den andre lokalisert inne i styrhuset.

Torsdag morgon heldt mannskap fram med arbeidet om å hente opp dei to. Tidleg om morgonen kom meldinga om at den første var henta opp. Ved 15-tida stadfesta altså politiet at også den andre var henta opp.

Vraket av Carina låg på 155 meters djupne og det har vore brukt miniubåt for å få dei to opp.

Politistasjonssjef Bjart Gabrielsen har fleire gonger sagt at det har vore eit krevjande arbeid.

– Det er mange element som skal passe saman og utstyret skal jobbe mot kvarandre. Dette skal styrast frå ein båt langt borte frå vraket. Det kan ta tid, men vi håpar vi lukkast, har Gabrielsen tidlegare sagt til NRK.

Bilder av Kystvaktskipet Nornen til kai i Farsund som gjør seg klar til å søke etter savnede fiskere med mini-ubåt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

19-åringen fra Gjerstad skulle bare hjem – møtte en kenguru langs veien

n9oU6LhHxh0

Vann meisterligaen føre rekordpublikum: – Feiringa blir nok tøffare enn kampen