Kvinne (45) funne død i sjøen

Ei kvinne døydde etter å ha falle i sjøen ved ein campingplass i Risør.

Drukningsulykke i Risør

Kvinna omkom ved Moen camping i Risør.

Foto: Thorvald Knudsen

Hendinga skjedde på Moen camping i Risør.

Omstenda kring dødsfallet er førebels ukjent.

Etter det NRK kjenner til skal kvinna ha budd i ein båt på campingplassen.

Ulykka skjedde rundt klokka ni laurdag morgon.

– Politiet etterforskar forholdet rutinemessig, men det er ingen grunn til å tru at noko straffbart har skjedd, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Martin Ugland.

Laster kart, vennligst vent...