– Dette er ei mellomalderkyrkje som lokalbefolkninga er svært glad i. Vi er i sjokk over at nokon kan gjere noko sånt, seier kyrkjeverje i Grimstad, Alexander Paul.
Natt til fredag har det hatt innbrot og vorte utført omfattande skadeverk på inventaret i Fjære kyrkje i Grimstad.
Fredag kveld vart ein mann pågripen og sikta for grovt skadeverk.
– Saka vert etterforska vidare gjennom helga med tekniske og taktiske undersøkingar, opplyser politiets operasjonssentral i Agder.
Politiet har no avslutta sine undersøkingar på staden.
I løpet av laurdag skal tilsette ved kyrkja gå gjennom kyrkja for å skaffe seg oversikt over skadene og om noko er borte.
– Det er gjort ein del vesentleg skadeverk inne, fortel Paul.
Førebels er både kyrkjeverja og politiet tause om kva hærverket handlar om. Området er avsperra og kyrkja blir halden stengt inntil vidare.
Mellom klokka 21.00 torsdag kveld og fredag kl. 10.00 har ein eller fleire uvedkomande brotne seg inn i kyrkja, truleg gjennom eit vindauge.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKEldgamle gjenstandar
Det var ein tilsett som skulle på jobb fredag morgon som oppdaga at noko var gale og kontakta politiet.
I heile dag har krimteknikarar saumfare både kyrkja og kyrkjegarden for å sikre bevis.
– Det er gjenstandar som er eldgamle. Det er trist at sånt skjer, og vi undersøkjer alt vi kan, fortel innsatsleiar Bernt Byklum Bjerke.
Fjære kyrkje er ei freda mellomalderkyrkje frå 1150. Biskop i Agder, Stein Reinhardsen, er ein av dei som reagerer på hærverket i kyrkja.
– Det er ein sørgjeleg dag. Fjære kyrkje er spesielt flott og mykje brukt, seier han.
Fjære kyrkje blir datert til mellomalderen og er automatisk freda på grunn av alderen.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKHåpar gjerningsperson vil stå fram
Innsatsleiar Bjerke fortel at den eller dei som har brote seg inn i kyrkja har knust eit vindauge. Elles har skadane gått ut over inventaret.
– Øydelegging av noko som helsa, men spesielt religiøse hus som dette her, det tek vi alvorleg, seier Byklum Bjerke.
– Krimteknikarar har sikra bevis som vi trur kan knytast til gjerningspersonen eller gjerningspersonane, seier kyrkjeverje i Grimstad, Alexander Paul.
Likevel håpar han òg på ei anna løysing.
– Eg håpar ho eller dei som har gjort det kanskje skjønner kva dei har gjort, og står fram. Det hadde vi sett ordentleg stor pris på, fortel Paul.
Kyrkja blir halden stengt inntil vidare.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK