Hopp til innhold

Olsbu fryktar «veggen» før VM-debuten

Laurdag går Marte Olsbu sin første distanse i eit skiskyttar-VM. Den siste bakken inn mot stadion gjer sørlendingen nervøs.

"Veggen" i Kontiolahti

Den siste bakken inn mot stadion i Kontiolahti er stupbratt. Langt brattare enn du får inntrykk av på dette bilete.

Foto: NRK

Bilete over viser nok ikkje kor bratt bakken eigentleg er.

Men Olsbu som har gått bakken fleire gonger på trening ser lite fram til å gå opp bakken i konkurranse.

Den bratte bakken har nemleg fått namnet «veggen».

– Det er rett og slett ein skikkeleg vegg. Ein lang og bratt vegg, seier Olsbu til NRK.

– Kjem til å kjenne syra

– Ein kan liksom ikkje gå å halde igjen heller. Ein må halde hjulet i gang og komme seg opp, seier ho.

Under ski-VM i Falun var det mykje fokus på Mördarbakken, der mellom andre Therese Johaug sikra seg ei stor luke til konkurrentane på fellesstarten med skibyte.

Olsbu trur at mange konkurransar vil bli avgjort i den siste bakken inn mot stadion i Kontiolathi.

– Sidan det er siste bakke inn mot mål trur eg det. Mange kjem nok til å kjenne syra der. Det hadde vore meir avslappande å renne ned bakken i staden for å gå opp, ler ho.

Gler seg

Marte Olsbu seier at det er stort å få delta i VM. Ho meiner at forma er god.

– Eg har fått gjort alt eg hadde tenkt til å gjere inn mot VM. Alt har gått som planlagt i oppkøyringa. Eg har ikkje noko å skulde på om det går dårleg. No må eg berre få det ut i konkurranse, seier ho.

– Eg gler meg stort. Eg må berre nyte dette og tenke at det er ein sjanse eg har drøymt om heilt sidan eg var liten. Eg må ta sjansen med begge hendene og gjere mitt beste, seier Olsbu.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %