OL-heltane skal hyllast

Andreas Thorkildsen og dei andre OL-heltane frå Sørlandet vert hylla med 90,57 meter "spydkake" og stor fest på Torget i Kristiansand 9. oktober.

Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen med gullet frå Beijing.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Kristiansand kommune og Vest-Agder Fylkeskommune har komme fram til at alle sørlendingar kan vere med på å hylle OL-heltane 9. oktober. Festen vil føregå på Torget i Kristiansand.

Kristine Lunde og Katrine Lunde

Handballjentene Kristine Lunde og Kathrine Lunde Haraldsen møter sjølvsagt opp med sine gullmedaljar.

Foto: Erik Johansen / SCANPIX

Stjernene kjem

Det vert lagt opp til aktivitetar for barna, næringslivet støttar opp og ei rekkje artistar på scena. Og sjølvsagt hovudpersonane sjølv, Andreas Thorkildsen, Kathrine Lunde Haraldsen, Kristine Lunde vere med på idrettsfesten i Kristiansand. I tillegg kjem Eirik Veraas Larsen og Ida Marcussen.

"Spydkake"

Ida Marcussen

Sjukjempar Ida Marcussen kjem.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

I tillegg tek Espen Albert verdsrekord i "spydkake" med ei kake på heile 90,57 meter. Kaka er like lang som det Thorkildsen kasta då han vann OL-gull i Beijing i august.

Eirik Verås Larsen

Eirik Verås Larsen kjem.

Foto: Erik Johansen / SCANPIX