NRK Meny
Normal

17-åring avgjorde for ØIF: – Utruleg deilig å sjå den gå inn

ØIF har ei rekkje sentrale spelarar ute med langtidsskadar, men det stoppa dei ikkje i toppoppgjeret mot Haslum. Arendalittane har framleis ikkje tapt i serien.

Gå til forsiden

Se kampen i bilder!

ØIF Arendal

Se kampen i bilder!

10 bilder

    – Det er utruleg deilig å sjå den gå inn. Eg måtte berre klemme til og håpe på det beste, seier Sander Simonsen (17) til NRK etter kampen.

    Det var han som avgjorde kampen fire sekund før slutt då han sette inn 23-22 for ØIF Arendal.

    Dei regjerande meistrane fekk rett nok knalltøff kamp om poenga mot tabell-trearen frå Bærum.

    Første omgang var prega av ei rekkje tekniske feil frå begge lag. Begge sleit også med å få utteljing i mål. Gjestene leia 11–10 til pause.

    Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

    ØIF-trenar Marinko Kurtovic i samtalar med Kenny Ekman.

    Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

    Mykje tyder på at ØIF-spelarane fekk så øyra flagra i garderoben i pausen. I alle fall var det eit heiltent mannskap som kom ut på bana etter pause.

    Fem minutt ut i omgangen fyrte Lars Jakobsen av garde eit underarms-skot truleg ingen keeper i verda hadde teke, og sende heimelaget i leiinga 14–11.

    – Det skotet er verdsklasse. Lars viser igjen at han har eit fantastisk skot, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

    Sende Sør Amfi til himmels

    Haslum tok timeout, slo tilbake og kjempa seg tilbake i leiinga ti minutt før slutt.

    Fem minutt før full tid var ØIF tilbake i leiinga med to mål. Men minuttet før slutt utlikna gjestene.

    Med fire sekund att på klokka fekk altså ungguten Sander Simonsen ballen på kanten. Han gjorde ingen feil og sende 1100 publikummarar til himmels. ØIF vann til slutt 23–22.

    – Denne sigeren viser at vi har ein knallsterk tropp. Det er sterkt av oss å slå Haslum. Dette viser at vi meiner alvor, seier keeper Svenn Erik Medhus.

    Fire med alvorlege skader

    Dagen før toppkampen mot Haslum vart det klart at Robert Markotic er ute med skade fram til jul etter nyttår. Den nyinnkjøpte kroaten har vore blant ØIFs viktigaste spelarar til no.

    Berre timar før kampen mot Haslum vart det klart at David Svenningsen misser resten av sesongen etter å ha ryke korsbandet for andre gong på to år.

    Frå før er både Sondre Paulsen og Lars Erik Bjørnsen ute med skader. Alle desse fire kunne mest truleg ha gått rett inn og styrka alle eliteserieklubbane i landet.

    Men skadane ser ikkje ut til å øydelegge klubben sine ambisjonar om å kjempe om edelt metall også denne sesongen. Med sin femte strake eliteseriesiger tronar arendalittane framleis øvst på tabellen med full pott.

    Lars Jakobsen, ØIF Arendal

    Lars Jakobsen har vore ein av ØIF Arendal sine beste spelarar til no denne sesongen.

    Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK