Hopp til innhold

ØIF ute av europacupen

Tremålssiger på heimebane var ikkje godt nok til å sikre avansement til semifinalen for ØIF Arendal. Arendalittane tapte med seks mål samanlagt.

Simen Aanjesen, ØIF Arendal

UTE: Simen Aanjesen og ØIF Arendal spelte ein god kamp mot Stiinta Bacau på heimebane i europacupen, men tapte samanlagt.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi gjer ein veldig god prestasjon og slår eit veldig godt lag. Dessverre slår vi dei ikkje nok til å gå vidare, men vi får ta med oss det som er veldig positivt, og det var at vi stressa dei. Det var faktisk kamp nesten heilt til slutt, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.

Kjempesjanse

ØIF Arendal vann søndagens returoppgjer 26-23 heime i Nedeneshallen, men hadde ni mål å ta att etter det første oppgjeret i Romania. Det betyr at Stiinta Bacau vann 56-50 samanlagt.

Men ØIF Arendal var særs nær å ta skalpen på rumenarane. Fire minutt før full tid leia ØIF med seks mål. André Jørgensen Hofstøl hadde ein kjempesjanse til å knappe innpå endå eit mål, men bomma.

– Det var ergeleg, men det er så mange slike situasjonar i løpet av to kampar, at vi ikkje skal leggje skulda på den eine, seier han.

– Samstundes er det klart at akkurat der hadde vi moglegheita, seier Gautestad.

Håvard Augensen, ØIF Arendal

GOD: Håvard Augensen leverte nok ein sterk kamp i ØIF-drakta. Augensen gir seg etter denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Lever av handball

Men det er ingen grunn til å «grave seg ned» for ØIF-spelarane. Stiinta Bacau har kun heilprofesjonelle spelarar på laget, som lever av å spele handball.

– Det blir veldig spennande å sjå kor langt dette laget kan gå, seier landslagsspelar Sondre Paulsen.

– Det er vanskeleg å samanlikne med dei norske laga. Men vi skal vere nøgde med at vi vinn heime, seier Paulsen.

No rettar laget fokus mot å sikre 4. plass i eliteserien. Onsdag kjem Runar på besøk til Nedeneshallen.

– For oss er det viktig å vere topp fire og vere blant dei beste laga i Norge. Skal vi bli nummer fire må vi truleg slå Runar, seier Leif Gautestad.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

KJEMPAR: André Jørgensen Hofstøl i kamp med rumenske forsvarar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %