Det blei siger i Nedeneshallen, men ikkje med stor nok margin.
Det blei til slutt 26-23, og dermed er ØIF Arendal ute av europacupen for denne gang.
NRK Sørlandet kommer tilbake med meir om kampen.
Hadde trua
– I idrett er alt mogleg. Eg håpar vi kan stresse dei og viss vi er riktig riktig dyktige kan vi få dei ut av rytmen. Men vi møter eit knallgodt lag. Viss vi skal klare å ta att ni mål må vi stille på vårt aller aller ypparste. Vi gler oss og trur alt er mogleg, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.
- LES OGSÅ: Gir ikke opp semifinaledrømmen
I Romania vart det 24-33 tap for arendalsklubben. Men Gautestad trur heimefordelen vil slå positivt ut for ØIF Arendal.
– I europacupen betyr det veldig mykje, spesielt mot lag frå austeuropa. Men samstundes veit vi at bana er 40x20 meter her, akkurat som i Romania. Det er først og fremst i hovudet det er annleis, seier han.
– Det er mogleg å klare dette, men det blir utruleg tøft, seier Gautestad.