Hopp til innhold

ØIF-trenaren: – Vi kan slå alle

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad meiner han har det sterkaste ØIF-mannskapet han har hatt nokon gang. Difor er trua stor på at klubben kan ta sin første eliteseriemedalje.

Leif Gautestad

ØIF-trenar Leif Gautestad er optimist før sesongstart.

Foto: Leif Dahlen / NRK

– For første gang har vi spelarar som kan vere med å kjempe om sigrar i kvar einaste kamp, uansett motstandar, seier Gautestad til NRK.

– Ambisjonen er å vinne noko i år. Det er vanskeleg å vinne serien, men kanskje litt lettare i cupen dersom vi er heldige med trekninga, seier han.

Onsdag kveld spelar arendalittane sin første seriekamp for sesongen. Stord er motstandar på bortebane.

Ekspertane trur på ØIF

Fleire ekspertar spår at ØIF Arendal vil vere eitt av laga som kan kjempe om medalje. Tysdag sa landslagssjef Robert Hedin at hantippar at arendalittane tek bronsemedalje i årets eliteserie.

– Vi har som regel ikkje blitt tippa heilt der opp tidlegare. Men det forsterkar trua på det vi held på med. Vi veit også at det er 8-9 andre lag som trur på det same. Det er det som er så gøy med sport, seier trenaren.

Sørlendingane har sikra seg to nye spelarar det er knytt store forventningar til denne sesongen. Islendingen Einar Ingi Hrafnsson og danske René Bach Madsen. Trenaren trur duoen blir viktige for eit lag på jakt etter suksess.

– Vi har henta to spelarar med internasjonalt nivå. Vi håpar dei blir ein viktig faktor. Einar Ingi har vist seg å vere god for oss med ein gang. René har ikkje fått trent for fullt på grunn av opptrening etter skade, så han treng nok litt tid, seier Gautestad.

– Bør slå Stord

– Eg trur vi har sikra oss to spelarar som publikum vil trykke til sitt bryst, seier han.

ØIF Arendal skal spele seks av ni første seriekampane på bortebane. Det er ikkje trenaren særleg glad for.

– Det er heilt klart ikkje bra. Det er ikkje bra for interessa å starte med to bortekampar på rad. Det gjer utfordringa større, men vi skal møte laga både heime og borte, så det vil nok jamne seg ut, seier han.

Første motstandar i eliteserien er altså Stord på bortebane. Gautestad ventar ein tøff kamp.

– Det blir ei stor utfordring. Dei har handla inn fleire spelarar som held internasjonalt nivå. Eg er veldig spent. Men skal vi vere med heilt i toppen bør vi vinne denne kampen, seier han.

ØIF Arendal, terminliste 2013/14

Dato

Kamp

11.09.13

Stord - ØIF Arendal

18.09.13

Drammen - ØIF Arendal

29.09.13

ØIF Arendal - Runar Sandefjord

09.10.13

Haslum - ØIF Arendal

16.10.13

ØIF Arendal - FyllingenBergen

10.11.13

Bodø HK - ØIF Arendal

17.11.13

ØIF Arendal - Nøtterøy

20.11.13

Elverum - ØIF Arendal

27.11.13

Falk Horten - ØIF Arendal

08.12.13

ØIF Arendal - Follo HK

15.12.13

Bækkelaget - ØIF Arendal

18.12.13

ØIF Arendal - Stord

27.12.13

ØIF Arendal - Drammen

02.02.14

Runar Sandefjord - ØIF Arendal

09.02.14

ØIF Arendal - Haslum

12.02.14

FyllingenBergen - ØIF Arendal

23.02.14

ØIF Arendal - Bodø HK

02.03.14

Nøtterøy - ØIF Arendal

09.03.14

ØIF Arendal - Elverum

16.03.14

ØIF Arendal - Falk Horten

19.03.14

Follo HK - ØIF Arendal

26.03.14

ØIF Arendal - Bækkelaget

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %