Hopp til innhold

ØIF-trenar: – Forsvaret vårt er svekka

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic meiner at forsvaret er svekka etter at veteranen Andre Jørgensen Hofstøl la opp etter førre sesong.

Marinko Kurtovic

Marinko Kurtovic i kjend stil på sidelinja mot Runar førre sesong. Det var der klubben sikra sitt første seriegull.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Jørgensen betydde utruleg mykje for oss i forsvar. Det vil ta tid før forsvaret vårt fungerer optimalt denne sesongen. Vi har prøvd ulike forsvarssystem i oppkøyringa. Vi får sjå kva vi brukar i sesongopninga, seier Kurtovic til NRK.

Andre Jørgensen Hofstøl

Andre Jørgensen avslutta handballkarrieren med både serie- og cupgull.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Robert Markotic

Supporterane til ØIF Arendal samla inn pengar slik at klubben kunne hente Robert Markotic.

Foto: SAUVAGE SYLVAIN

Jørgensen Hofstøl var ein av klubben sine viktigaste spelarar då laget tok gull i både serie og cup førre sesong.

Etter sesongslutt kom beskjeden om at han hadde bestemt seg for å legge opp.

Meiner laget er styrka i angrep

I tillegg har den regjerande seriemeisteren mista Marcus Dahlin.

Klubben har erstatta dei to med Robert Markotic frå Kroatia og danske Lars Jakobsen som spelte i Halden førre sesong.

Kurtovic meiner at denne duoen vil styrke laget i angrep.

– Der er vi eitt eller to knepp kvassare. Angrepsspelet vil bli litt annleis denne sesongen. Publikum får nok ikkje sjå den raske handballen vi stod for i fjor, men meir taktisk handball fordi vi har fått så gode bakspelarar, seier trenaren.

– Markotic treng tid

25 år gamle Markotic har mellom anna erfaring frå Meisterligaen, men held på å restituere seg etter ein alvorleg skade.

– Han treng nok litt tid før han er på topp. Men Robert har noko som Marcus Dahlin ikkje hadde. Han samarbeider betre med strekspelar, har eit fantastisk skot. Han er ein komplett spelar, seier Kurtovic.

– Lars er også ein komplett spelar som nesten er to meter lang. Han kan lage mål frå 11–12 meter, er veldig eksplosiv og rask. Han er farleg i alle posisjonar på bana, seier ØIF-trenaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %